torsdag 31. desember 2009

mandag 28. desember 2009

Også firbeinte nyt jula...

...særleg når det har kome nytt ullpledd i sofaen!

Eg fekk eit kjempefint hekla pledd av Mamma til jul - eit skikkeleg restegarnteppe som er sett saman av heilt ville fargar som ein ikkje skulle tru gjekk saman. Men nettopp fordi ingen av dei passar saman, så passar dei saman. Get it? Ein del av garnstumpane hadde bestemor liggjande i små nøster i ei tønne då eg var liten, og eg tykte det var veldig kjekt å sjå på alle fargane. Ein del av garnet har nok blitt til overs frå strikkeprosjekt på 60- og 70 talet, men no er det engeleg kome til nytte. Noko eg er veldig glad for!

kalde vinterdagar varmar ingenting så godt som heimelaga pledd. Det er katten Sofia heilt einig i!

lørdag 26. desember 2009

Rart juletre? Ja, absolutt!!!

Juletreet vårt er ei skeiv BJØRK!

Enkelte vil påstå at dette ikkje er særleg fint, medan andre nok meiner det er fjollete. Dei mest konservative vil kan hende meine at ein ikkje skal tukle med tradisjonar. EG, derimot, har ingen problem med å ha det litt moro på tradisjonar sin bekosting og tykkjer dette er eit nydeleg og akkurat passeleg tullete juletre.

Ha ei tullete jul og eit skrått år i vente!


søndag 20. desember 2009

Fluesopplampe !

Fiiin lampe, eller?

Eg har nettoppbestilt to eksemplar på nettbutikken sprell.no. Håpar den rekk fram i romjula ein gong. Eg ser nemlig for meg at den skal gjere susen på pikerommet (arbeidsrommet) mitt. Det var ikkje meininga å julepynte noko særleg der, men med slik ein stemningskapar i vindauget vert det jo JUL-JUL-JUL uansett!

onsdag 16. desember 2009

Pagten - dansk julekalender på nett-TV

Klar for litt dansk førjulsstemning?


På Danmarks Radio sine nettsider http://www.dr.dk/ kan ein følgje med på den fantastiske (i ordets rette forstand) julekalendaren Pagten. Forteljinga går føre seg i landsbyen Thyregod der isheksa Iselin har planar om å drepe alle nissar slik at ho vert eineherskar i den magiske verda. Det einaste som kan stoppe henne er om eit menneske som har dei rette kvalitetane og som kan sjå nissar, klarer tre vanskelege prøvar saman med ein nisse.

Dei utvalde til oppdraget er mennesket Malte og nissejenta Lyda. Diverre er det fleire enn Iselin som gjer det vanskeleg for dei å klare å finne pakta...

onsdag 9. desember 2009

Kokosmakroner på 1-2-3!

Her fylgjer Mamma si alltid vellukka oppskrift på
KOKOSMAKRONER
4 eggjekviter
15o gram melis
VISP STIVT
(Mamma: "Når du trur du har vispa lenge nok,
visp like lenge til. Då flyt ikkje makronene utover.")

Tilsett så:
200 gram kokos
1 spiseskei vaniljesukker
1 plate hakka, mørk sjokolade
RØR DETTE I MED SLEIV

Bruk to skeier og sett toppar på eit bakepapir. ENKEL OPPSKRIFT GJEV OMLAG 16 -20 MAKRONER. Lag litt mellomrom mellom kvar topp då makronene gjerne flyt litt utover under steiking.

Steik i 10 - 15 minutt,

i 180 - 200 grader.

LUKKA TIL med julebaksten!

torsdag 3. desember 2009

Vintage-tävling

Flinke Johanna Flyckt bak bloggen johanna-vintage.blogspot.com har fram til 10.desember ei utlodding der denne nydelege kjolen skal få ein ny eigar. Kvifor ikkje freiste lukka og hive seg med?

søndag 29. november 2009

Kvitt i kvitt

Dei fyrste snjofillene fillene dalar no ned ute og dekkjer bakkar, tre og lier med kvit jolestemning. (Biletet er lånt av Moa.)

Stemninga er ikkje så verst innadørs heller. Eg gjer så godt eg kan og føl naturens eksempel ved å dekkje den gulna panelen med grunning og kvitmåling!

Ha ein fin fyrste sondag i advent!

onsdag 25. november 2009

Kreativ kakebakst

Kjøkkenet mitt er diverre ikkje like lekkert som dei fleste andre sitt. Med sliten linoleum frå midten av 70-talet og ei usedvanleg dårleg plan øysing, nesten ikkje arbeidsbenkar og det meste av kjøkkenutstyret framleis nedpakka i flyttekassar er det ikkje så ofte eg set i gong med kulinariske prosjekt, men her om dagen vart trangen etter eit stykke med tung, mørk og saftig Brownies heilt uoverkommeleg.

Kokken måtte tenkje seg litt om etter alternativ arbeidsbenk, men fann løysinga ganske kjapt (sjå bilete).

Eg har tilpassa oppskrifta som står i Freia 70% Kokesjokolade litegrann etter eigne ynskje. Den oppgraderte browniesoppskrifta går som følgjer:

100 gr FREIA Kokesjokolade 70%
250 gr sukker
200 gr smør
2 egg
2 ts vaniljesukker
100 gr kveitemjøl
2 ss mørk kakao
150 gr valnøtter

Brekk opp sjokoladen og ha den i ei gryte. Lat den smelte på SVAK varme. Rør smør og sukker kvitt. Tilset egg. Ha i mjøl, vaniljesukker, smalta sjokolade og hakka valnøtter. Hell røra i ei lita langpanne (20x30 cm), evnt. i ei rund kake form, med bakepapir i botnen. Steik ved 170 grader i omlag 30 minutt. Kjøl av før oppskjæring.

Brownies'en bør nyyyyytast attåt ein god kopp kaffi!

torsdag 19. november 2009

Keramiske minner

Det er no eit heilt halvt år sidan eg tok i fersk leire, og det er på tide å minnast dei gode tider:
Dreiing i proselen: Maskina summar, leira surklar og radioen står på fullt. Konsentrasjonen er på topp og planen klar!

Rakubrenning: Flammar, røyk og ferdig brent produkt på under 30 minutt.

Fellesskap: Gode vener og seine kveldar med mykje latter!


...THOSE WERE THE DAYS...

fredag 13. november 2009

Helg og handletur

Pedagogen har no latt helgefreden og skuldrene senke seg i takt, og tenkjer leggje ut på førjulshandletur til Bergen by i morgon. Med fir timar å køyre att og fram til byen er, gjeld det å byrje tidleg på julehandelen. I allefall om ein skal finne noko som ein verkeleg trur fell i smak hjå mottakaren. For meg er det veldig viktig å unngå å gje gåver berre for å gje gåver... Eg vil verkeleg meine det når eg gjev nokon noko!
I våre dagar er det ikkje noko problem å sitje heime i sofaen å handle. (Tenk om ein hadde fortalt det til nokon for 30 år sidan. Faren er stor for at ein hadde blitt bura inne på flekken!)

I denne samanheng (sofahandling, ikkje inneburing) har eg ein absolutt favoritt når det gjeld artiklar til hus og heim. Den danske nettstaden http://www.nordhjem.dk/ er fantastisk både når det gjeld utval og prisar. Det einaste som trekkjer ned er frakta på 350,- (danske kroner), men om ein handlar stort eller kjøper ting saman med venninner går det jo riktig så greit likevel.


No når advent er like om hjørnet er det greit å få kalendergåvene på plass, og Nordhjem hjelper gladeleg den travle husmor også med tips slike innkjøp. På denne sida finn ein kalendergåver sortert etter pris slik at hovudbryet med desse er over på no time! Hjå Nordhjem finn ein saker og ting frå mellom anna Rice, House Doctor, Green Gate - ofte til svært gode prisar!

Kvifor ikkje unngå det glorete nissepapiret (skrekk og gru!) og leggje gåver med friske fargar under treet i år? Og ein rutete hatt til syltetøyglaset er ikkje så dumt det heller?Eller eit knippe gamledagse treklyper til tørkesnora?

No det berre å surfe i veg og vips - så er handelen gjort! Men eg gler meg til bytur i morgon likevel, eg. Det er ikkje særleg mange koselege kafear på nett. Nemlig!

torsdag 12. november 2009

Brrrrrr!

Det er verkeleg kaldt om dagen. Det har vore nydeleg fint ver i lengre tid no, men etter at sola ikkje lenger kom seg over fjelltoppen for å forbarme og varme oss som bur i dalen, med sol, har temperaturen krype lenger og lenger ned på gradestokken. I skrivande stund er det - 7 grader Celsius. Dette bilete er teke for ei vekes tid sidan, og no er det enno meir kvitt på bøen.

Trøsta er at kulde = vinter = JUUUUUL!
Og jul = FERIE for ein stakkars lærar med over 50 arbeidtimar kvar veke... Ganske utruleg eigentleg. Då eg signerte meg opp som lærar i haust ante eg ikkje at å undervise 19 elevar fordelt på 6-10. trinn skulle ta så mykje tid. Eller krefter. Elevane er kjekke og greie, dei, men å heile tida undervise tre trinn i eit rom ER verkeleg utfordrande. Det betyr at ein må ha to-tre undervisingsopplegg per time i staden for eitt, og ein må ha minst like mange mentale filer oppe til ei kvar tid. Eg er i allefall temmeleg sliten etter 10-12 timars arbeidsdag. Ikkje rart det er blitt lite husvøling so langt i haust, kanskje... (Dette var berre eit lite hjartesukk - negative tankar skal ikkje førekomme så ofte her på bloggen, men det var godt å få det ut!!!)

tirsdag 10. november 2009

Dandere, sortere, kategorisere...

Ja, me sorterer vel oppvasken vår, gjer me ikkje?

Eg fekk ein aldri så liten skrå kommentar av ei venninne som var innom og fekk sjå oppvasken stå til tørk. Me har enno ikkje få oppgradert kjøkkenet og oppvaskmaskin er ikkje installert, dermed må me (EG) vaske opp på den gode gamle måten. Om det ikkje akkurat vert gjort med yrande glede, vert det i allefall gjort med eit snev av estetikk i blikket.

Ein dandert, sortert og kategorisert oppvaske tek seg absolutt betre ut enn ein som ikkje er det!

lørdag 7. november 2009

Smeg-kampanje!


På tidleg nittital (trur eg) såg eg filmen The Outsiders. Eg hadde lest boka på førehand, og var heilt oppslukt av historia om dei tre foreldrelause brørne. Historia vart ikkje mindre oppslukande på film, truleg særleg sidan Matt Dillon, Patrick Swayze, Emilio Estevez, og ikkje minst Ralph Macchio (jepp, Karate Kid!) var med i ein og same film! I ein scene frå kjøkkenet til dei tre foreldrelause brørne stod det eit særdeles kult kjøleskåp. (I ordets rette forstand, får me tru. Orsak! Billeg poeng!) Dette var sjølvsagt, då handlinga i filmen var lagt til USA og 50-talet, eit amerikansk 50-talskjøleskåp. Og her nærmar me oss kjerna av dette innlegget...
Eg fall om mogeleg enno meir pladask for kjøleskåpet enn for dei snasne brørne, men tenkte der eg sat, 14 år og med runde studentbriller, at "Hmmm - 50-talet, det er lenge sidan, det" og "Hmmm - USA, det er jammen langt vekke", ERGO "Hmmm - eit amerikansk 50-talskjøleskåp er nok heilt umogeleg å få tak i!" Og så slo eg meg til ro med det. Heilt til eg ein del år seinare, heilt tilfeldig, skimta eit Smeg-kjøleskåp bakerst i kjøkkenet på eit bilete i eit interiørmagasin. Og merkenamnet var endåtil teke med i bilet-teksten. Å, lukke for ein dag!


Og i går, heilt tilfeldig det også, var eg ute på nettsøk og kom på eit eller anna vis inn på denne sida. Oi-oi-oi!!! Firmaet Rikall Norge som heldt til utanfor Bergen (i Salhusvegen), forhandlar Smeg-kjøleskåp. Og ikkje nok med det:
DEI HAR SUPERDUPER-TILBOD PÅ SMEG-KJØLESKÅP HEILT FRAM TIL 31.12 2009!!!





Eg har no funne ut at Smeg-kjøleskåpa er italienske, ikkje amerikanske, og at dei er tilgjengelege i all slags nydelege fargar. Samt i britisk utgåve!

mandag 2. november 2009

Englemaskeri


Dersom du skulle få lyst til å gå vinteren i møte med englemasker over okslene, kan du jo gå inn på nettsida eg brukte. På Felisis blogg finn du ein godt forklart og tydeleg illustrert framgangsmåte på englemaske-hekling!




torsdag 29. oktober 2009

Englemasker og gode tankar

No når vinteren set til og kulda like so, er det godt å ha eit kast å slenje over okslene. Eg fann Faerytale-garnet frå Du Store Alpakka på Voss for ein liten månad sidan, og sette straks i gong med eit trekantsjal. Eg er ein veldig GRØN person og fall pladask for farge nr 715! Englemasker er i utgangspunktet ein rask og effektiv hekleteknikk, men i det siste har eg brukt godt over femti timar på jobb kvar veke og sjalet tok dermed nesten fire veker å fullføre. Men det vert jo sagt at den som ventar på noko godt, ventar ikkje for lenge...

Du Store Alpakka er forresten ei bedrift det er ei glede å støtte. Kari Svendsen og Per Hestnes, som står bak Du Store Alpakka, ynskte å gje noko attende til folka i landa dei arbeidde med. For nokre år sidan starta dei difor eit prosjekt med å byggje opp skular i Andesfjella i Peru for å gje borna der ei god utdanning slik at dei sjølve kan velje korleis dei vil leve liva sine. På nettsida deira kan ein lese den herlege historia som gjorde at prosjektet kom i gong.

Eit møte med den 8 år gamle alpakka-gjetaren Marisol (midten) var starten på skuleprosjektet i høgfjellet.

onsdag 28. oktober 2009

Dikt frå eit kjøleskåp


Min gode ven Egil skreiv dette velklingande diktet på kjøleskapet mitt for nokre år sidan. Og sidan har det hengt der. Eg tykkjer det seier så mykje om så lite (eller var det omvendt?). Heilt herleg surrealistisk er det i allefall!
I am proud to present a poem made by my friend Egil a couple of years ago. It's still stuck on my fridge:
"Openness and grumpiness is poetry for the world".
Oh. Right!?!

søndag 25. oktober 2009

Piker på svovelstikkene?


Søt, ikkje sant?

Saman med ei stor potteskjular i sink fyllt med stearinljos, fekk eg seks slike oppspøta fyrstikkesker hjå systera mi til gebursdagen min. Ho har huset fullt av scrappe-utstyr, og å fiffe opp nokre fyrstikkesker er sjølvsagt berre barnemat. Men som syster og gåvemottakar, er eg storleg imponert over kor mykjelite kan gjere. Og prikken over i'en er hyssingløkkja i den eine kortsida. Lekkert!

Dersom ein føretrekkjer retro-stikker eller andre stilar, er det jo berre å bla opp gamle tapetrestar eller andre høvande småbitar! Klipp og lim og vips!

Her snakkar me adventskalendarmat!

What do you think? Six packeges like this was parts of my sister's present for my birthday: Pimped-up matches. Cute, isn't it? And very easy if you have access to some scrapbooking materials. Just a little touch of magic and you have the sweetest extra-little-thing to add to your best friends' gift!

lørdag 24. oktober 2009

Smakebit frå Dublin


Desse bileta er frå eit fasjonabelt kjøpesenter midt i Dublin, Powerscourt Centre. Bygningen vart bygd som bustad og kontor for Lord Powerscourt, Richard Wingfield 3rd Viscount (1730-1788), og er eit av dei flottaste georgianske husa som no står att i Dublin.


Å gå inn den heller nedtona inngangen og møte krystallkruner og svungne trapper var berre heilt fantastisk! Inga pulserande neonskilt eller dundrande diskomusikk her, nei!


Ein treng vel knappast opplyse om at varesortementet i butikkane nok var retta mot dei meir bemidla. Gullsmedforretningane torde eg ikkje ein gong gå inn i (prisane i vindauga var avskrekkande nok - her var det tale om smykker og juvelar til eit par millionar!), men eg fann eit artig garn som eg måtte ha med meg heim til Mammo.

Fleire smakebitar frå Dublin kjem sidan.

The Powerscourt Centre in Dublin really is a special experience. Just walking in the entrance puts you back a couple of hundred years, and the dark, squeeking wooden floors just adds the little extra. Still it's very lux and elegant. Haha, I wish I will be like that when I grow old (squeeking, but elegant). Loved it!

søndag 4. oktober 2009

Søndagskos


Det fine med at det er vått og grått ute, er at det er desto varmare og koslegare inne! Og når ein har ferdiglaga skillingsbollar i frysen som vert som nysteikte etter 10 minutts lunking i omnen, når kosebarometeret nye høgder! Som lærar har eg attpå til ei heil vekes haustferie å sjå fram til… Aaah, i dag er livet skjønt!

Og i morgon går turen til Irland og Dublin! Ta ein kikk på denne videoen og sjå kva the Emerald Island har å by på. Noelle og Hilary som viser rundt i Dublin er berre heilt herlege! Etter kvart skal eg leggje ut bilete frå mine opplevingar og oppdagingar i byen.

lørdag 3. oktober 2009

Dei tre årstider

At sommaren SNART (...) er over har eg for så vidt fått med meg, men at hausten og vinteren skulle finne på å kome forbi omtrent samstundes, det hadde eg ikke venta meg.

Denne veka har snjosløret krype lenger og lenger ned på fjellsida, og for eit par dagar sidan var det faktisk kvitt på bakkane kring huset. Oppvaksen ved fjorden og van med mildare klima kjenner eg det nesten som ei surrealistisk oppleving å sjå snjo på bøen i september! Det er det godt veden som var hoggen sist vinter er tørr, og klar for å gå i elden for å halde stova varm.

Summer's gone, I know! But I was not prepared for getting both autumn AND winter around at the same time. This week the snow has been crawling nearer and nearer, and a couple of days ago the fields surronding our house were white! I'm not ready for this season yet (and never will be!), so I happily discovered that the snow was gone the next day. Luckily the wood we collected last winter is dry and ready keep our feet warm and happy through the cold season to come.

mandag 28. september 2009

Lysten på ein Lollopard?

Akkurat no er det REA på fantastisk søte, fantastisk kule og fantastisk fantastiske klede frå Malmø i Sverige!

Hjå Lollopard kan ein verkeleg få tak i snasne klede. Til heile familien! Ein del av sortimentet er til og med laga av økologisk bomull! Eg har vore innom nettbutikken med jamne mellomrom det siste året, og no (ikkje ein dag for tidleg!!!) har eg sendt inn bestillinga!




Snart kjem denne grasgrøne traktorkjolen dumpande ned i postkassa. Tjo-hoi!

Og her går me altså for ein perfekt match... Denne herre-t-skjorta er også på veg!
PS! Husmorskulen-etikett, javel? Forklaringa er at det er jo viktig for ei kvar moderne husmor å ha oversikt over mogelegheiter til innkjøp av gode, slitesterke kvalitetsklede for heile familien...

torsdag 24. september 2009

Haustleg VINTAGE frå Sverige

Dette biletet er henta frå ein svensk blogg som heiter www.vintage.blogspot.com. Bak bloggen står Johanna Flyckt som driv profesjonelt med stylingoppdrag og innreiingsreportasjar. Bileta hennar er berre heilt vidunderlege.

Fotoet av laukane på glas tykkjer eg er ein hyllest til hausten. Fargar og tekstur i biletet oppsummerer hausten som kjensle og stemning - utan at motivet er den klassiske skogen med gule lauv som ligg som ein fell på bakken.

Å besøke denne bloggen er kvardagskos på sitt beste. Vel bekomme!

torsdag 10. september 2009

Knapt med knappar?

I framtida, om ikkje lenge - ei lita stund, berre, vonar eg å få keramikk-omn og utstyr på plass slik at eg kan byrje å lage knappar, skåler, koppar og anna moro igjen. Men før eg kan huse omn, må eg ordne hus. Og før eg kan ordne hus, må eg ordne litt utomhus. Drenere, heiter det. (Ikkje trenere, altså, sjølv om det jo trenerer mine planar ein smule!) Og det er idiverre IKKJE like kjekt ut som å sitje med leire oppetter armane i eigen verkstad. Moro eller ikkje moro - det må gjerast. Uansett. Og det hjelper ikkje å leggje seg ned på golvet å banke med armar og bein og rope på Mamma og Pappa.

Det veit eg. For eg har prøvd.

tirsdag 8. september 2009

Konkurranselysten?


Den danske jenta bak den fortryllande, søte og superkreative bloggen www.smilerynker.blogspot.com feirer "Over 100 følgere", og inviterer alle lesarar å vera med på ein Give away...


Meld deg som følgar, legg til ein kommentar, og du er med i trekninga av "en særlig lille kreativ gave". (Dansk er eit vidunderleg språk, ikkje sant?)

Hauststemning

Det regnar ute.
Mykje.
Og det bles.
Mykje.
Men eg sit inne.
Med katten i fanget.
Under eit pledd.
Og eg har te i koppen.
Og kos i kroppen.
Mykje.
Hausten er ikkje so verst ei årstid likevel.

torsdag 3. september 2009

Steg for steg



...må ein gå når ein pussar opp eit gamalt hus. Tidlegare i sommar vart det lite lekre golvbelegget rive av og fjerna (bilete nedanfor). Det var litt arbeid å få bort all den gamle limen, men etter eit par tolmodige kveldar var den borte. For ei veke sidan var eg nede ved fjorden og henta velduftande roser i hagen hjå Mammo mi. Rosene sette eg rundt om kring i huset, og angen spreidde seg bokstaveleg tala frå loft og til kjellar!



Spørsmålet no er berre om trappa skal verte trekvit (pusse-pusse = mykje arbeid), eller om den skal målast (svisj-svusj = gjort i ein fei)? Akk, livet er fullt av store spørsmål!!!



onsdag 2. september 2009

In Jane Austen's universe

... I am Elizabeth Bennet!


Ye-hey! I am intelligent, witty, and tremendously attractive. I have a good head on my shoulders (...) and I'll live happily ever after with my Mr. Darcy.




Take the Which Austen heroine are you-quiz and find out which heroine YOU are.

onsdag 26. august 2009

Fiona Hewitt og Wu & Wu

Her forleden dag kom eg over denne søte nettsida: http://www.wuandwu.com/. Her finn ein ei røys med kjekt å ha-ting med dei mest fantstiske illustrasjonar! Det ser ut som at webshopen berre gjeld for USA og UK, men produkta skal finnast i forretningar rundt om i verda. Eg skal halde auger og øyrer opne!


Noko for sjølv dei tøffaste av dei tøffe!


- For dei søtaste av dei søte,


og for dei veldig, veldig dyrekjære!



Det er illustratør, Fiona Hewitt, og ekspert i Asiatisk Kitschologi, Andy Tainton, som står bak designet. Fiona Hewitt har også eigen nettside: http://www.fionahewitt.com/, der ein finn mellom anna denne plakaten:


The great design duo Fiona Hewitt and Andy Tainton have made these fabulous products. I think I'm in love :o)




onsdag 12. august 2009

For flittige hender

...kan kanskje hekling vera ein fin seinsommar-aktivitet? Eg heldt no på med eit petrolfarga englemaske-sjal som eg trur vert veldig fint. Men det er alltid so kjekt å gje vekk ting at eg kjem vel ikkje til å behalde det sjølv, det heller :D

Desse bileta er henta frå DROPS Design, der ein får kjøpt heklepinnar i tre (som eg enno ikkje har prøvd, men dei ser deilige ut), garn til rimelege prisar og GRATIS oppskrifter på mange språk! Dette er verkeleg ei snedig nettside!


Til og med kan dei mest snuppete av heklarane blant oss få tak i glitrande heklenåler! Sukk!

Have you got crafty fingers? DROPS Design is a company offering wooden crochet hooks (haven't tried them, but they do look lovely!), reasonable priced yarn in a wide range of sorts and colours (I don't know if they ship outside of Norway or Scandinavia, though), and best of all, there's lots and lots of FREE recepies for knitting and crocheing in different languages! Visit the web site above and be amazed! The girliest crocheers can even get sparkling hooks. Hooray!