tirsdag 31. august 2010

Gåver frå AnnaJohanna

Damene bak
har lagt ut konkurranse på bloggen sin:
Vel tre ting i nettbutikken
og legg igjen ein kommentar under blogginnlegget.
Enklare spelereglar skal ein leite lenge etter...
Her er mi ynskjeliste:
Vintage London: Postkort i royal metalleske frå Mayol

Matboksar i stativ frå Rice
Bollesett i glade fargar frå Rice

søndag 29. august 2010

August

August
er det
mjukaste
mjuke eg kjenner,
denne skjelvande streng mellom
sommar
og
haust
- Einar Skjæråsen -
(Fritt omsett til nynorsk)

fredag 20. august 2010

Snasne sko frå s.Oliver!

Tidlegare i sommar var eg ein tur innom skjønne Langesund.
Der vart det storhandel i ein av dei kjekke butikkane,
og eit par sko frå s.Oliver var ei del av fangsten.
Skoa var både gode og gå i OG ganske so snasne,
men dei var bittelitt trange over vrista.
I slike situasjonar kan ei behandling med varmt vatn og tjukkelabbe-gåing hjelpe.
Gjerne kombinert med etterfølgjande utpressing (...) ved hjelp av to koppar frå Rice.
Eg har vore både på byen og på dans på lokalet med desse skoa
og no har har dei kome opp på Topp-3-yndlingssko-lista!

onsdag 4. august 2010

Tantetid


Eg er så heldig å ha tre knase tanteborn.

Tidlegare i sommar forlet me vestlandet i kvar våre bilar, og vende nasa mot Kragerø - slik me gjer kvar sommar. Det er alltid kjekt å sjå att familien der borte (som me stort sett ikkje har helsa på på eit heilt år!), og ikkje minst å nyte det stabile sommarveret!

Og så er det kjekt å fare på små utflukter saman. Særleg ei av jentene får innimellom behov for litt "tantetid" - og det tykkjer sjølvsagt eg er heilt i orden!

Bileta ovanfor er frå ein tur me hadde til Kragerø Berg Museum. Årets utstillingar viste måleri av Munch og historiske klede vist i kronologisk rekkjefølgje. Nedanfor musèet er det eit flott badeområde - med badehus og trapp, og det heile. Diverre hadde ikkje me med oss badeklede, men koseleg var det likevel. Inne i badehuset har mange rissa inn namn og årstal, og eg og tantejenta kunne jo ikkje vera dårlegare enn dei andre...


I'm lucky to be an aunt for three lovley children.

Earlier this summer we went, as usual, to see our relatives living in the south-eastern part of Norway. It's always nice to meet them again, and not to mention being able to enjoy the stabile summer weather in the east.
One of my nieces some times (and quite regularly) gets a need for
some "auntie-time". Which of course is perfectly ok for me!
The photos above are from a trip we had to Kragerø Berg Museum. The seasonal exhibitions this year were paintings by Munch and historic costumes displayed chronologically. If you get too warm from the displays it is possible to take a short walk down to the fjord and go swimming! This was a spontanious outing and my niese and I did not think about bringing our swim suits! Instead we had fun carving our initials thinking like hundreds of others had done before us...

Boka om Little Bee

“Most days I wish I was a British pound coin instead of an African girl.”
Eg har nyleg lest ei nydeleg bok som eg verkeleg kan anbefale. US-versjonen av boka (avbilda) heiter Little Bee, medan UK-versjonen som eg las, vert kalla

Uansett kva versjon du velger er historia som sakte men sikkert brettar seg ut, heilt fantastisk! Forteljinga er både utruleg, rørande og morosam, og vert fortald på ein særskild og uvanleg måte.

Fyrste kapittel kan lesast på nettsida til forfattaren Chris Cleave. Der kan du også sjå eit videoklipp der Cleave forteljer kort kva boka handlar om.

Eg las boka på engelsk og veit eigentleg ikkje om den er omsett til (ny)norsk, men eg kjøpte boka på Voss og reknar med den skal vera grei å få fat i hjå både små og store bokhandlarar. Eventuelt kan du jo bestelle den på www.capris.no - rask og rimeleg nettbokhandel som sender fraktfritt om du kjøper for meir enn kr 199,-!

I recently read the most lovley novel called The Other Hand (UK-version). Visit the author Chris Cleave's website and read the first chapter. This is a unbelievable, moving and higly amusing story, told in an extraordinary voice! Highly recommended!