onsdag 4. august 2010

Tantetid


Eg er så heldig å ha tre knase tanteborn.

Tidlegare i sommar forlet me vestlandet i kvar våre bilar, og vende nasa mot Kragerø - slik me gjer kvar sommar. Det er alltid kjekt å sjå att familien der borte (som me stort sett ikkje har helsa på på eit heilt år!), og ikkje minst å nyte det stabile sommarveret!

Og så er det kjekt å fare på små utflukter saman. Særleg ei av jentene får innimellom behov for litt "tantetid" - og det tykkjer sjølvsagt eg er heilt i orden!

Bileta ovanfor er frå ein tur me hadde til Kragerø Berg Museum. Årets utstillingar viste måleri av Munch og historiske klede vist i kronologisk rekkjefølgje. Nedanfor musèet er det eit flott badeområde - med badehus og trapp, og det heile. Diverre hadde ikkje me med oss badeklede, men koseleg var det likevel. Inne i badehuset har mange rissa inn namn og årstal, og eg og tantejenta kunne jo ikkje vera dårlegare enn dei andre...


I'm lucky to be an aunt for three lovley children.

Earlier this summer we went, as usual, to see our relatives living in the south-eastern part of Norway. It's always nice to meet them again, and not to mention being able to enjoy the stabile summer weather in the east.
One of my nieces some times (and quite regularly) gets a need for
some "auntie-time". Which of course is perfectly ok for me!
The photos above are from a trip we had to Kragerø Berg Museum. The seasonal exhibitions this year were paintings by Munch and historic costumes displayed chronologically. If you get too warm from the displays it is possible to take a short walk down to the fjord and go swimming! This was a spontanious outing and my niese and I did not think about bringing our swim suits! Instead we had fun carving our initials thinking like hundreds of others had done before us...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar