mandag 20. juli 2009

Søte Sofia sin ankomst

For eit par dagar sidan var eg på tur til Sund utanfor Bergen (puh, nesten tre timar å køyre!) for å sjå på fem pusekattar. Også desse vart oppspora på finn.no, men denne gongen forsikra eg meg om at eg var førstemann til mølla og difor ikkje risikerte at nokon andre skulle ha akkurat den eg hadde mest lyst på...
Familien som hadde kattungane var svært gjestfrie og baud til og med på sjølvfiska, stekt fisk til middag! Eg reiste heimatt med mett mage, smil om munnen - og aller viktigast: Med ni veker gamle Sofia i bur i baksetet. Eg er no like stolt som kva som helst anna kattemor... (Purr, purr!)
Pusebestemor er av rasen Hellig Birma. Kanskje får Sofia blå auger når ho vert stor, ho også...?

Sukk, so sukkersøt!
Sweet Sofia! Finally, after 15 years (a very long time for a cat lover like me!) I have my very own cat again. Sofia arrived a couple of days ago and she's just adorable! Her grandmother was a Birman and perhaps Sofia gets blue eyes as a grown-up?

Heja Sverige!

Eg og min kjære køyrde nyleg den lange turen frå Vestlandet til Gøteborg. Byen i seg sjølv var mykje lik andre byar, bortsett frå den knusekoselige bydelen Haga. Der var det slaraffenliv og brustein, kjekke kafear og ein KLOGGEverkstad!

Ei nydeleg eldre dame med langt, laust grått hår stod bak disken hjå Haga Trätoffelfabrik og eg fann straks ut at eg berre måtte ha med meg eit par heim - og etter å ha tenkt meg om kom eg fram til at eg faktisk måtte ha med meg to par heim! Det eine paret er eit par brune kvardagskloggar, kjekke å stikke beina i når ein skal ut å hente posten og slikt - og det andre?

Jajajaja, dei er til FEST! Og seine sykkelturar i sommarvarmen (som akkurat no er frykteleg fråværande her vest!), og til landtur med fullpakka korg, og til snusetur i Bergens smitt og smau, og..., og ...
Kloggar med blonder. Nusselig!!! Og endå betre - HURRA, dei er mine!
Gøteborg viste seg å vera ein by til glede for alle (les; begge) på turen. Volvomuseet i Arendal måtte sjølvsagt besøkast og jamvel om dette ikkje treff mitt sanseapparat heilt midt i, fann eg nokre godbitar, eg også. Tenk kor kjekt det hadde vore med ein slik blank, fin traktor i tunet. Då ville eg også køyrt traktor med blondekloggane. Sjå - fargen er jo heilt lik!
Dette er køyrety av den gamle, gode sorten. Her snakkar me Solid og Påliteleg med stor D og P. Til og med merket er skrudd fast! (Kanskje med treskruar? Det er tross alt i Sverige, dette her :o)

Go Sweden! After a trip to Gothenburgh this summer, I returned home with two pairs of wooden clogs. In the cosy district of Haga, I found the cutest little shop with an grey-haired old lady behind the counter. I bought a brown pair of clogs for everyday use, and the red one - well, that's of course for parties... We also visited the Volvo Museum where I found this tractor matching my new clogs. Just wish I could have brought it home with me!

fredag 17. juli 2009

Berre NESTEN min...


No når eg står på terkselen til å skulla bu på ein stad, utan å pendle mellom hybel, heim i Gamlahuset (huset eg no skal bu fast i) og heim-heim (hjå Mamma og Pappa), kan eg endeleg sjå fram til å få min heilt eigne PUSEKATT!!! Det er over 15 år sidan eg hadde ein katt som var berre min, og for ein trugen katteven er det frykteleg lenge. Håpet er å finne ein som er grå og kvit, og som helst minnar litt om Joffen!


Det har vorte mange og lange søk på "Gis bort" på finn.no, og for ei vekes tid sidan dukka dette nydelege nøstet opp. Sjølv om ein nevø av eigaren kanskje skulle ha den, fekk eg avtala tid å komme på visitt for å helse på. Det var sjølvsagt kjærleik ved fyrste blikk. MEEEN, livet er hardt, og det er ikkje alltid ein får den ein vil ha... No har eg akkurat fått beskjed om at nevøfamilien ville ha Gråtassen likevel, - og eg må ut på leit igjen. Sukk!


Heldigvis har eg ein tobeint ein eg kan klø litt på i mellomtida!

This cute cat almost got mine. I've been looking for a grey and white cat for ages, and was so happy when this hairy little sweetie suddenly showed up. I went to see him and it was love at first sight. Unfortunatley it turned out that it was already given away. Bu-huu! Luckily I have a two-legged one to cuddle with while looking for antother cat...

mandag 6. juli 2009

Sofasurfing?

Utsikt frå høgblokk i London



http://www.couchsurfing.com/, er ei nettside, eller eit nettprosjekt, der vanlege folk i heile verda kan oppsøkje andre vanlege folk i heile verda og spørje om det er greit å kome på besøk... Eg har vore med på prosjektet i fleire år og har både vore vertinne og gjest, og eg tykkjer det er ein ypparleg måte å oppleve ein kultur frå innsida på: Eg har budd i ei kjempehøg blokk i bydelen Camden i London, og i eit koseleg murhus i ein liten landsby på Istria-halvøya i Kroatia - båe opplevingar var eineståande!

Sofasurfing gjev også anledning til å feriere billig samstundes som ein vert kjend med kjekke folk. Etter å ha tasta inn diverse kriterie i couch search-vindauget, kjem det opp ei heil liste med profilar ein kan kikke vidare på og sende førespørsel til. Nettsida, og alle andre delar av prosjektet, er basert på dugnadsarbeid og er verkeleg ein positiv pust i vår egosentriske verd! (Oj, dette vart alvorleg! Men det er ikkje mindre meint for det...)

When travelling, couchsurfing is an excellent way of saving money on accomodation and more important, to get in touch with great people! Staying in private homes will leave you with a very different understanding of the culture in the place you're visiting - and being a host yourself allows you to welcome "the world" into your livingroom. I've been a member since 2007 and have met a bunch of nice, funny, wise and entertaining people. Join it!