fredag 6. mai 2011

Eg har flytta!

Eg har endra bloggadresse!

Du finn meg no her:

onsdag 4. mai 2011

Kaffi-kos

Me har vel alle ein

yndlingskopp?

Her er min...

lørdag 30. april 2011

In the name of love

29th of April 2011

William + Kate = <3



Eg feira den store dagen med å invitere vener til ettermiddagste og scones.
Og sjølvsagt var stova pynta til fest! (Dårleg bilete, men skitt au!)
I celebrated the day in my own special way, inviting friends over for afternoon tea. 
The livingroom was decorated with home made wedding bunting... (Sorry about the bad photo!)
Kledd til fest i ballsalen.
Dressed for a night at the ball.
Teen smakte fortreffeleg, og dansekortet vart fullt...
The tea was exellent and I was fully enganged dancing...
Nokre timar seinare var det berre å ta heimvegen fatt. Det er no ein tilgjengeleg prins mindre her i verda!
After some indulging hours it was time to go home. There is now one available Prince less in the world!



Ynskjer det vakre paret
all mogeleg hell og lukke på vegen!

All the best to the lovley couple!

søndag 17. april 2011

DIY: Eggeskal-kylling med karsehår

Har du nokre minutt ledig etter sundagsfrukosten, kan du lage enkel og humoristisk påskepynt av eggeskala du fekk til overs etter speilegga...
    Pip-pip-pip! Me ventar på å verte hårfine...
    
  1. Vask dei halve skala og lat dei tørke litt før du limer på nebb, fjør og føt (gjerne med limpistol).
  2. Fukt ein passeleg stor bit bomull, og legg den oppi egget.
  3. Strø omlag ei teskei karsefrø oppi. Hugs å halde bomullen fuktig.
Om ei vekes tid har du nyspira karse til å ha på skjeva.

God påske!
Oh my! I feel bold today!
Make your own little cress-haired chickens:
  1. Clean the half shells and let them dry before glueing on beak, feathers and feet.
  2. Put some moisted cotton into the shell.
  3. Add the cress seeds. Remember to keep the cotton moist. 
Enjoy the cress on your sandwich in a weeks time. Happy Easter!

onsdag 13. april 2011

Påskepynt i særklasse

Manglar du noko å hengje i bjørkekvistane i påska? Her er eit yndig alternativ...

Den slovenske kunstnaren Franc Grom lagar heilt fantastiske kunstverk av egg. Han bruker eit lite elektrisk bor (og mykje tolmod!) når han former mønstra, og dei fleste blondeegga har omlag 2 500 - 3 000 hol.
Heng dei i kvistane - om du tør!

Egget har vore brukt som symbol på nytt liv i lange tider, og å bruke egg på denne måten har røter både i eldre kukturar, og mellom anna i jødiske og kristne religionar.

The Slovenian artisk Franc Grom creates the most wonderful and delicate decorative eggs. Eggs symbolizes the new and growing life and have been used this way for ages in ancient cultures, and in Jewish and Christian religions. 

mandag 11. april 2011

Prosjekt Bad: Stadig nærare

Travle røyrleggjarar og ein sjuk eletrikar har sett sitt preg på kvardagen min i det siste. Eller det vil seie - har ikkje sett sitt preg på kvardagen min. Eg ventar, ventar og ventar på dei siste småtinga før badet er klart for stæsjing... Heldigvis er dusj og toalett råd å bruke, og det har endeleg kome varme i badegolvet, men lys og servant er enno ikkje montert.

Ein ting har eg i allefall oppdaga det siste halvåret:
Ting tek tid!
Også om ein ikkje "skal gjere alt sjølv".

På handletur i Bergen denne helga fekk eg tak i vindusfolie hjå Carlsen i Dræggen. Innsikta frå naboar er ikkje veldig brysom her ute på landet, men ein og annan turistbuss kan det jo vera greit å skjerme seg mot.

Valet fall på Design 9 frå vindufolie. Passeleg bestemor-aktig her hjå meg, trur eg! Biletet er frå produsenten si nettside.

I'm still waiting for the plumbers and electrician to get do the last little things in the bathroom. In the meanwhile I've found a window foil to prevent people looking in. Nice and granny-ish!

onsdag 6. april 2011

DIY: Bøker frå loppis får nytt liv!

Hjå rom123 denne veka dukka det opp ein super artikkel. Eg likar veldig godt å kjøpe gamle bøker med fine permar på loppemarknad, men veit ikkje alltid kva eg eigentleg skal gjere med dei når eg kjem heim.

Somme bokryggar tek seg jo fint ut i bokhylla, og mange bøker er jo kjekke å lese, men likevel er det ein del eg ikkje har "fått til" å bruke. Tidlegare har eg skrive om Fretex sitt prosjekt med å lage notatbøker av gamle romanpermar, men  rom123 presenterer altså i denne artikkelen ein enno meir praktisk måte å bruke bøkene på. Fantastisk, ikkje sant?

Boka i bokhylla treng ikkje innehalda lange tekstar ein aldri kjem seg gjennom. Kvifor ikkje fylle opp med kreativt verkty i staden?
Bokstabel med "hemmeleg" oppbevaring


Kvifor ikkje gøyme pengane i bokhylla i staden for i madrassen?

Det florerer av loppemarknader i kvar ein krok for tida.

Lukke til med jakta!

torsdag 17. mars 2011

York: I mitt hjarte

Eg ynskjer ofte
eg var i York,
i England.
Særleg på denne tida
av året,
når dei japanske kirsebærtrea
gjer kvardagen lyserosa.



I often wish I was in York, UK. Especially at this time of the year when the Japanese cherry trees are colouring every day pink!

mandag 14. mars 2011

Prosjekt Bad: Gamalt vindauge

I dei fleste bøker og nettartiklar eg har lest om oppussing av gamle vindauge står det at det er viktig at vindauget ligg stabilt. Aller helst skal det vera sett fast til arbeidsbenken med tvinger eller andre hjelpemiddel. Og det er viktig med god og skarp skrape når ein skal fjerne den gamle malinga.

Jau, det hadde sikkert vore ein fordel. Kanskje eg då hadde vore ferdig for leeeenge sidan?!!

Då eg skrapa vindauga, og fjerna dei gamle glasa, brukte eg frysen nede i kjellaren som arbeidsbord. Tvinger - eh, nei! Då det vart for kaldt å stå der nede flytta eg opp i stova og la vindauget oppå to stolar ståande mot kvarandre. Framleis ustabilt og tvingelaust. Her vart vindauga også grunna og malt.
Og då glasa skulle inn igjen, bretta eg til sides duken på spisebordet og slo meg til der... Væpna med akrylfugemasse, gamle barberblad og lange neglar (eit umisteleg verkty!) er eg no i gong med siste hand på verket... Og so håpar eg det heldt. I allefall ei stund! Og so håpar eg at det vert fint på badet - omtrent slik som hjå mi store inspirasjonskjelde Johanna i Sverige:

Og elles:
Vårsola varmar
som aldri før
og er i gong med å
smelte på
1,8 meter snjo...

Hurra - hurra - hurra!!!

Ha ei fin-fin veke, folkens!

The work on the old window is nearly done. I hope it will fit beautifully in the new bathroom, like in my biggets source of inspiration: Swedish Johanna's bathroom! This have been a true DIY project. Old racerblades and my own finger nails have been important tools in the process!
The sun is warming
as never before
and have started the project
on melting
1,8 metres of snow.
Hooray!

torsdag 10. mars 2011

Tre Brør Cafè

Skal du til
Voss
i næraste framtid, bør du leggje turen innom herlege
midt på Vangen (rett ved blomstertorget!
Nydeleg mat
(mykje er lokalt og økologisk produsert!),
knast interiør
og rullerande salsutstilling
av kunst er noko av det du får oppleve her.
Eigen blogg
har dei også - besøk den og få eit inntrykk av den gode stemninga!

søndag 6. mars 2011

Blogglotteri hjå Lobelia

Kanskje


eg rekk det...?



Og kanskje eg vinn...?


Lobelia har blogglotteri - med frist i dag!


Håpet er lysegrønt!

lørdag 5. mars 2011

PhotoScape: Gratis redigering av digitale bilete


PhotoScape er gøy, superenkelt
og heilt gratis!
Om du ikkje har prøvd det, klikk her:


PhotoScape is great fun and very easy to use. And it's free! I love it!

torsdag 3. mars 2011

Prosjekt Bad: Anten - eller?

Det har vore mange anten - eller-problemstillingar so langt på ferda på reisa mot Prosjekt Bad: Ferdig. Turen er ikkje over enno, men målet er heldigvis nærare enn nokon gong før! No er det litt mindre alvorlege avgjerdsel som skal takast, men like fullt - ein må jo bestemme seg for noko. Og det er ikkje lett!


Anten:
- eller:
Me skal bruke ein gamal spegel kjøpt hjå Patina på Evanger, og eg ville ha ein lampe som passa til stilen samstundes som den ikkje skulle dominere for mykje i rommet.


Med ein hjelsom mann fekk eg etter mykje om og men teke avgjerdsla: Lampen frå IKEA (øvste bilete) vart vinnaren.
Eg er litt skeptisk til elektriske produkt frå IKEA, men enkelte prinsipp må vike når det står om slike viktige ting...

Orsakar noko uprofesjonell fotografering (fotografen bør streng tatt ikkje vera med på bileta har eg haurt), men desse bileta var eigentleg ikkje tenkt lagt ut på verdsveven...
This or that? I wanted a bathroom lamp not too dominant accompanying the old mirror. With a little help from my finacè, the decision was made. The lamp from IKEA is the winner (left). Sorry about the non-pro photoes - they were not ment to be published...

onsdag 23. februar 2011

Lukkeleg?


...kan vera so mangt!


Eit fint ord,
på ein solskinndag
gjer meg lukkeleg.

Ein klem
frå ein god ven
gjer meg lukkeleg.

Og så gjer DR sin superdupre
depressjonskomedie meg lukkeleg.
Prøv du også:
Ni av ti episodar ligg no tilgjengelege på nett.
Filma i herlege København
med eit fantastisk cast!
N y t!

fredag 18. februar 2011

Prosjekt Bad: Gamle spor

Bak gamle huntonittplater og og baderomspanel dukka det opp ei lita handleliste frå svunne tider:
Stor huntonitt,
glasvatt og
glatt pløgd
vart tydelegvis handla inn då det gamle kammerset vart gjort om til bad ein gong på 50-talet. Sjølv om det meste tek laaang tid når ein driv og vølar på gamle hus, så er det veldig kjekt når slike små funn dukkar opp!

Tømmerveggen kjem til å verta bakvegg i garderobeområdet, og eg lurte på om det kunne vera greit å ha den i same farge som sideveggane. (Som originalt nok er malt i egghvit...) Men det slo eg raskt frå meg og tømmeret er no malt med ein farge som er nesten heilt lik på den grøn-turkise fargen som var der frå før.

Og handlelista har eg malt rundt og ikkje over. Gamle spor må vernast om!

fredag 11. februar 2011

Den gamle gyngestolen

Sjølv om huset eg bur i er eit gamalt tømmerhus frå 1850, er det diverre ikkje så mange gamle ting igjen her. Nokre sofaer frå 50 - og 60-talet, steintøy og kjekke bileter er her jo, men arveoppgjer og anna har gjort at ein kan telje på ei (eller kanskje to) hand dei verkeleg gamle godsakene som er att. Men ein ting er her, heldigvis:

den gamle gyngestolen

Han er litt skadd i den eine meia så han toler ikkje dagleg bruk, men planen er å få vølt skaden.

God helg!

torsdag 27. januar 2011

Prosjekt Bad: Undervegs

Maaaange og laaaaaaaange månader har gått sidan me byrja på Prosjekt Bad. Desse bileta er tekne for nokre veker sidan, rett etter at panelen var komen på plass. (No er den i tillegg både grunna og malt. Tre strøk!)

På biletet over ser du dusjnisja til høgre, og der den turkise firkanten er, skal det kome eit gamalt småruta vindauge. Litt a la badet til Johanna med bloggen VINTAGE. Det trur eg vert himmelsk fint!!! Krakken står der toalettet kjem - berre eg snart får bestemt meg for kva slags eg vil ha... Oppussing er verkeleg eit kjenslemessig slit for slike ambivalentar som meg. Eg skulle helst ha sett opp alle tenkelege alternativ og prøvd dei ut i ei veke kvar før eg bestemte meg!

Golvet på badet er svarte flisar (10x10), medan vaskeromsgolvet er grått. Eg ser for meg at det støvar enno meir her, og husmora i meg min tykte difor det var lurt å gå for ein litt ljosare golvfarge enn på badet. Smart, esse!

Maaany long days and month have gone since we first started renovating our bathroom. These pictures are taken a few weeks ago, and gives you a few glimpses of the shower area (above) and the laundry room (below). My main inspiration is found at the Swedish blog VINTAGE. One of my absolute favs!

torsdag 20. januar 2011

Hekla hjarter

Noko SOOO nydeleg!

Og slettest ikkje så vanskelege å lage. (Trur eg, då. Eg har ikkje prøvd enno.) Eg fann desse herlegheitene på etsy nett no, og måtte dele dei med dykk med det same! Dersom du har slengt seg på Valentine's-trenden er det jo berre å setje i gong med heklanåla no, so har du eit par dusin vakre hjarter å strø over sengeteppet til den 14. februar...

Begge bileta er frå tyrkiske
violasboutiqe
på Etsy. Klikk på bileta så kjem du dit.
I found some lovley crocheted hearts at etsy today. They seem easy to make (although I haven't tried myself yet). Start now and you'll hav a couple of dusins to spread on the bed cover on the 14th of Feb.

fredag 7. januar 2011

På glid

Romjula baud på fantastiske dagar - både for avslapping og kos, men også for litt aktivitet. Snjoen kom og la seg som eit bomullsteppe over isen i heimbygda mi, og eg var førstemann utpå! Det var ikkje så lenge sola kikka oppom i skaret, men det var eit saliggjerande gjensyn! Der eg bur til vanleg, kjem ikkje sola over fjellryggen før eit stykke uti februar.