mandag 8. november 2010

Notatbok frå Fretex

Biletet er frå bokbloggen: Klikk på biletet, så kjem du dit.

På bytur i helga var eg innom Norli for å myse litt etter julegåver.
Og der, midt bland 7-sans og kalendarar,
låg tidenes skjønnaste notatblokker.

Fretex har byrja lage notatbøker av gamle romanar;
sjølve bokinnhaldet i gamel bøker er fjerna

og det er sett inn nytt innhald i form av ei lita ringblokk.

Resultatet vert ei knallkul
og heilt personleg "ny" notatbok.

Alleslags bøker kan brukast. Både dei klassiske, vakre bøkene
med brun rygg og mønstra innsider,
og illustrerte bøker som Frøken Detektuv og Bobsey-barna.
Ganske artig er det jo dersom ein finn ei bok med tittel som
høver til den som skal eige boka! (Til dømes kan jo tante Ingeborg
på notatbok med tittelen Arsenikk og gamle kniplingar!)

Fantastisk idè som ikkje skulle vera heilt umogeleg å få til sjølv
dersom du er innehavar av litt middels avansert scrapbooking-utstyr.

Men på den andre sida
- å støtte Fretex ved å kjøpe ei bok eller to,
er i grunnen ein god julegjerning!


Fabolous redesign!
Cute note pads made from old books.
The pages are removed and a new note pad is fitted inside.
If you're lucky, you'll find your favourite title amongst.
How cute isn't that?
The makers of the books are the Norwegian Salvation Army.
Buy a book and support their work!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar