mandag 1. november 2010

Koselege korssting frå Danmark

Er ikkje denne puta søt?

Det kjem ikkje veldig godt fram på biletet, men denne puta er altså laga ved å sy kjempekorssting av tynne remser av bomullsstoff. Ein super måte å få brukt opp restestoff på.

Og startar du no, har du ei kjempekoseleg julegåve
til ei venninne, mor eller søster!

(Eg hadde i allefall vorte overlukkeleg for å få ei slik mjuk pakke under treet. Og det hadde nok far også, for den del...)

Oppskrift og framgangsmåte ligg tilgjengeleg hjå det danske magasinet Hendes Verden. Klikk på biletet, så kjem du direkte til rett side.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar