mandag 15. februar 2010

Ein pause frå muselorten...

...gjer verkeleg underverker!

No har eg endeleg kome til botnen i eit kott på lemmen som har vore fylt til randen med vedunderlege mengder med ihjel-gnagde og møllangrepne ullpledd, eldgamalt datautsyr, vekklagde studiebøker samt to stykk forsmådde, heimesydde pysjamasbukser (stua bort ein gong på tidleg åttital, tippar eg).

Alt dette var omhyggjeleg innhylla i mengder på mengder med museskit. Korleis er det mogeleg at så små, og i grunnen ganske søte, dyr skit så mykje?

Eg veit berre at ein kopp Yorkshire Tea med mjølk og sukker, og ei stund i sofakroken med fantastiske Jane Eyre på DVD etter slikt eit skippartak, gjer umåteleg godt!

1 kommentar:

  1. Takk for hyggeleg komentar!

    Lange rare skjerf, gjerne sjølvoppdikta i farta er ganske kule synest eg...
    Denne frøkna likar gjerne å utfolde seg med garnet utan nødvendigvis hjelp frå oppskrifter og denslags...
    kjekt med pip om du har nokon rare idear på lager...

    Ha ein fin dag!

    Krista

    SvarSlett