lørdag 20. februar 2010

Dream your dreams a size too big...


Til jul fekk eg dette søte bokmerket frå ei venninne som bur i England. Gåva kom i ein liten konvolutt med sjølvaste dronning Elisabeth på frimerket. Britane er herleg konservative, tykkjer no eg! Påskrifta
Dream your dreams a size too big so you can grow into them
er ei flott påminning om at ikkje alle planar treng å gå i boks med ein gong. Det er godt å ha noko å sjå fram til!
No er det nett vorte vinterferie her hjå meg og eg tenkjer bruke tida til å gjere ting eg lenge har hatt lyst til, men ikkje fått tid til. Ein tur til Bergen ligg høgt på lista! Der er planen å snuse i kjekke butikkar, gå på kafè med venninner eg ser alt for sjeldan og handle inn litt malingsutstyr. Det kalde veret ser ut til å fortsetje og det betyr at eg må nok vente enno nokre veker med å male og behandle trappa i gangen (når det er minusgarder ute, er det også minusgrader inne i gangen vår). Men ser ein positivt på det betyr jo det at eg har enno meir tid til å lese gode bøker, høyre på musikk, hekle og sy. Og kven veit, det vert gjerne tid til å dagdrøyme litt også!

1 kommentar:

  1. Så fin blogg du har! :) Takk for kommentar på bloggen min, slik at eg kunne finne fram hit!

    Det var forresten eit herleg bokmerke - og for meg betyr desse orda at ein skal drøyme store draumar, slik at ein har noko å strekke seg etter - noko å vekse på! Det er viktig for meg! :) (Og eg er nok ein drøymar...legg store planar, har mange ønsker, men treng meeeeir tiiid! for å få alt ut i livet...jaja, det blir vel ein gong!)

    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett