fredag 5. februar 2010

Frå eit pikerom

Bileta er kan hende ikkje så imponerande (å, som eg ynskjer meg eit godt kamera!), men no har eg endeleg fått ordna ferdig pikerommet mitt. Før jul var dette eit mørkt og støvete og særdeles lite inspirerande rom, men etter ein omgang med kvistlakk, grunning og to strøk kvitmåling har stemninga stige betrakteleg! Dette er no mitt kreative smultronstställe der eg høyrer på musikk, syr, les, heklar og rett og slett stooorkosar meg!
Då me budde i Bergen var eg ofte innom butikken Mint (sørgeleg nok nedlagt no) der dei kjekke jentene hadde rikt utval av origamipapir og -oppskrifter. Stjernene på veggen er bretta og sett saman utan lim - på ekte origami-vis.

Denne heimesydde lappeputa låg leeenge i hylla hjå Patina på Evanger og kikka på meg frå hylla kvar gong eg var innom. Så lenge eg var student var ei invistering på ein halv hundrelapp litt for stor - men då eg, etter å ha kome i ærleg, betalt arbeid, var innom ein gong i haust og oppdaga at puta framleis var på plass, måtte eg berre slå til. Enkelte ting er berre meant to be...
Dette skapet står no for tur. Planen er å male eller tapetsere det innvendig, og kanskje male det utvendig. Men eg klarer ikkje heilt einig med meg sjølv - skal eg male, eller bør eg late det vera som det er?
Eg tykkje slike skap er fantastisk fine i ein støva, ljos turkisfagre eller dei kan vera knallstilige i ein skarp lilla eller gul, men om nokre år kan det hende eg angrar bittert over malingspåfunnet slik ein gjorde for nokre år sidan over dei malingslitte skattane som vart i hjel-luta på midten av nitti-talet. Åkk, dette er vanskeleg!

1 kommentar:

  1. Hi hi, kjente igjen puta før eg byrja lese. Den er sjarmerande ;)
    Alltid litt vanskeleg om ein skal male eller ikkje, iallfall slike møblar som er fine i utgangspunktet. Akkurat no syns jo eg det er fint med litt brune møblar... Skjenken din såg også fin ut :)

    SvarSlett