No har eg endeleg kome til botnen i eit kott på lemmen som har vore fylt til randen med vedunderlege mengder med ihjel-gnagde og møllangrepne ullpledd, eldgamalt datautsyr, vekklagde studiebøker samt to stykk forsmådde, heimesydde pysjamasbukser (stua bort ein gong på tidleg åttital, tippar eg).
Alt dette var omhyggjeleg innhylla i mengder på mengder med museskit. Korleis er det mogeleg at så små, og i grunnen ganske søte, dyr skit så mykje?

Takk for hyggeleg komentar!
SvarSlettLange rare skjerf, gjerne sjølvoppdikta i farta er ganske kule synest eg...
Denne frøkna likar gjerne å utfolde seg med garnet utan nødvendigvis hjelp frå oppskrifter og denslags...
kjekt med pip om du har nokon rare idear på lager...
Ha ein fin dag!
Krista