lørdag 20. februar 2010

Dream your dreams a size too big...


Til jul fekk eg dette søte bokmerket frå ei venninne som bur i England. Gåva kom i ein liten konvolutt med sjølvaste dronning Elisabeth på frimerket. Britane er herleg konservative, tykkjer no eg! Påskrifta
Dream your dreams a size too big so you can grow into them
er ei flott påminning om at ikkje alle planar treng å gå i boks med ein gong. Det er godt å ha noko å sjå fram til!
No er det nett vorte vinterferie her hjå meg og eg tenkjer bruke tida til å gjere ting eg lenge har hatt lyst til, men ikkje fått tid til. Ein tur til Bergen ligg høgt på lista! Der er planen å snuse i kjekke butikkar, gå på kafè med venninner eg ser alt for sjeldan og handle inn litt malingsutstyr. Det kalde veret ser ut til å fortsetje og det betyr at eg må nok vente enno nokre veker med å male og behandle trappa i gangen (når det er minusgarder ute, er det også minusgrader inne i gangen vår). Men ser ein positivt på det betyr jo det at eg har enno meir tid til å lese gode bøker, høyre på musikk, hekle og sy. Og kven veit, det vert gjerne tid til å dagdrøyme litt også!

torsdag 18. februar 2010

Fin fangst!

Idag har eg sydd ein tøyfisk til pusekatten vår, Sofia. Fisken er fylt med garnrestar, og eit vidunderstoff for kattenaser; kattemynte.

Eg sydde fisken av ein lakenrest som eg har prøvd ut bokstavstempel og tekstiltusjar frå Stoff & Stil på. Både stempela og tusjane var greie å bruke. Påskrifta, "STOP in the name of LOVE", passa jo for så vidt fint...

Kattemynte er ei plante som visst nok skal framkalle ein rus hjå kattar som gjer at katten rullar og gnir seg mot ting, hoppar rundt og mel av ubegrensa velbehag. Dette verkar berre på litt eldre kattar, og det såg ut for at Sofia var i yngste laget. Men ein leike å springe etter såg ut til å vera ganske moro uansett!

mandag 15. februar 2010

Ein pause frå muselorten...

...gjer verkeleg underverker!

No har eg endeleg kome til botnen i eit kott på lemmen som har vore fylt til randen med vedunderlege mengder med ihjel-gnagde og møllangrepne ullpledd, eldgamalt datautsyr, vekklagde studiebøker samt to stykk forsmådde, heimesydde pysjamasbukser (stua bort ein gong på tidleg åttital, tippar eg).

Alt dette var omhyggjeleg innhylla i mengder på mengder med museskit. Korleis er det mogeleg at så små, og i grunnen ganske søte, dyr skit så mykje?

Eg veit berre at ein kopp Yorkshire Tea med mjølk og sukker, og ei stund i sofakroken med fantastiske Jane Eyre på DVD etter slikt eit skippartak, gjer umåteleg godt!

onsdag 10. februar 2010

"STRESSED" is "DESSERTS" spelled backwards

Det nærmar seg fridagar og tid for å nyyyte helga!

Om nokon skulle vera inn på tanken på å bake litt godsaker, har eg oppskrift på ei nydeleg god (og heilt stressfri) kake her:

Rustikk sviskekake
denne kaka vert finast (og best?) når den ser litt "rufsete" ut...
Begynn med
250 gr svisker + vatn som akkurat dekkjer + 4 ss sukker + 1/2 ss vaniljesukker som kokast til syltetøykonsistens.
Lag så botnen slik:
4 eggjekviter + 2 koppar sukker piskast stivt
2 koppar kokos + 2 ss kveitemjøl + 1 ts bakepulver blandast i.
Ha i 24 cm form, steik ved 180 grader i 30 minutt.
Eggekrem:
4 eggjeplommer + 100 gram sukker + 1 dl fløyte + 1 ts sukker kokast på svak varme til den vert tjukk.
Krem:
3 dl fløyte + 3-4 ss sukker + 1/2-1 ss vaniljesukker piskast.
Alt avkjølast. Legg eit lag sviskefyll, så eggekrem og til slutt eit lag krem på toppen av kokoskakebotnen.
Botnen kan forøvrig breiast med svisker og eggekrem og frysast. Så treng du berre piske krem i ein fei og leggje den på når gjestene kjem.
Og så er det berre å ta helg. Enjoy!

fredag 5. februar 2010

Frå eit pikerom

Bileta er kan hende ikkje så imponerande (å, som eg ynskjer meg eit godt kamera!), men no har eg endeleg fått ordna ferdig pikerommet mitt. Før jul var dette eit mørkt og støvete og særdeles lite inspirerande rom, men etter ein omgang med kvistlakk, grunning og to strøk kvitmåling har stemninga stige betrakteleg! Dette er no mitt kreative smultronstställe der eg høyrer på musikk, syr, les, heklar og rett og slett stooorkosar meg!
Då me budde i Bergen var eg ofte innom butikken Mint (sørgeleg nok nedlagt no) der dei kjekke jentene hadde rikt utval av origamipapir og -oppskrifter. Stjernene på veggen er bretta og sett saman utan lim - på ekte origami-vis.

Denne heimesydde lappeputa låg leeenge i hylla hjå Patina på Evanger og kikka på meg frå hylla kvar gong eg var innom. Så lenge eg var student var ei invistering på ein halv hundrelapp litt for stor - men då eg, etter å ha kome i ærleg, betalt arbeid, var innom ein gong i haust og oppdaga at puta framleis var på plass, måtte eg berre slå til. Enkelte ting er berre meant to be...
Dette skapet står no for tur. Planen er å male eller tapetsere det innvendig, og kanskje male det utvendig. Men eg klarer ikkje heilt einig med meg sjølv - skal eg male, eller bør eg late det vera som det er?
Eg tykkje slike skap er fantastisk fine i ein støva, ljos turkisfagre eller dei kan vera knallstilige i ein skarp lilla eller gul, men om nokre år kan det hende eg angrar bittert over malingspåfunnet slik ein gjorde for nokre år sidan over dei malingslitte skattane som vart i hjel-luta på midten av nitti-talet. Åkk, dette er vanskeleg!

onsdag 3. februar 2010

Ein etterlevning

Mannen med hatt på veg over gangfelt, jenta med fletter som leier guten med veske under armen på veg til skulen og mannen med sixpence som spar grus, eller er ute på sykkel, er alle på veg inn i historia.Alle dei særnorske skilta skal snart vera bytt ut, men langs vestlandske fjordar kan ein til mi store glede enno møte på ein og annan gamal kjenning.

Eg har ein plan



... som går ut på å

...........

ta-taaaa!

...........

lage sitjeputer av desse bestemorslappane til påske.

Viss eg får tid, då.


Og viss eg får tak i det eg treng. Når ein bur laaangt utpå landet, er ikkje det heilt sikkert, nemlig. Planen er å ha eit mellomlag av gamle ullteppe og ei vasstett bakside. Og kanskje lage heile sitjeputa som ei stor lomme slik at ein kan stikke inn eit lite firkanta sitjeunderlag på ekstra kalde dagar.

Ein vil vel ikkje fryse på stumpen i påskesola, vil ein vel?