
Til jul fekk eg dette søte bokmerket frå ei venninne som bur i England. Gåva kom i ein liten konvolutt med sjølvaste dronning Elisabeth på frimerket. Britane er herleg konservative, tykkjer no eg! Påskrifta
Dream your dreams a size too big so you can grow into them
er ei flott påminning om at ikkje alle planar treng å gå i boks med ein gong. Det er godt å ha noko å sjå fram til!
No er det nett vorte vinterferie her hjå meg og eg tenkjer bruke tida til å gjere ting eg lenge har hatt lyst til, men ikkje fått tid til. Ein tur til Bergen ligg høgt på lista! Der er planen å snuse i kjekke butikkar, gå på kafè med venninner eg ser alt for sjeldan og handle inn litt malingsutstyr. Det kalde veret ser ut til å fortsetje og det betyr at eg må nok vente enno nokre veker med å male og behandle trappa i gangen (når det er minusgarder ute, er det også minusgrader inne i gangen vår). Men ser ein positivt på det betyr jo det at eg har enno meir tid til å lese gode bøker, høyre på musikk, hekle og sy. Og kven veit, det vert gjerne tid til å dagdrøyme litt også!
Idag har eg sydd ein tøyfisk til pusekatten vår, Sofia. Fisken er fylt med garnrestar, og eit vidunderstoff for kattenaser; kattemynte.
Eg sydde fisken av ein lakenrest som eg har prøvd ut bokstavstempel og tekstiltusjar frå
Kattemynte er ei plante som visst nok skal framkalle ein rus hjå kattar som gjer at katten rullar og gnir seg mot ting, hoppar rundt og mel av ubegrensa velbehag. Dette verkar berre på litt eldre kattar, og det såg ut for at Sofia var i yngste laget. Men ein leike å springe etter såg ut til å vera ganske moro uansett!







