torsdag 11. november 2010

Kul kran på badet

Snart... Kjem denne kule krana sendane i posten!

Eg har funne ei alle tiders britisk nettside som sel kjøkken og baderomsutstyr: http://www.victorianplumbing.co.uk/. Haka er berre at dei ikkje sender utanfor Storbritannia. Då er det kjekt å ha ei kjekk venninne som bur der, og som kan stå som mottakar av pakka. OG i tillegg tek bryet med å sende pakka vidare til meg i Noreg! Enkelte folk er berre fantastiske!


Krana skal brukast på badet, og kjem til å passe perfekt til dusjsettet eg kjøpte på den same nettsida tidlegare i haust. Bilete av ferdig bad kjem so snart det er ferdig!

Quite soon this will tap be mine!

It's found at the fabolous and cheap (compared to Norwegian prizes) website www.victorianplumbing.co.uk. They do not ship outside the UK, but a friend of mine has volunteered to send it to me and I am very happy!

It is going to be used in our new bathroom, together with the traditional shower rail also purchased at VictorianPlumbing. I promise to post pictures as soon as it is finished!

mandag 8. november 2010

Notatbok frå Fretex

Biletet er frå bokbloggen: Klikk på biletet, så kjem du dit.

På bytur i helga var eg innom Norli for å myse litt etter julegåver.
Og der, midt bland 7-sans og kalendarar,
låg tidenes skjønnaste notatblokker.

Fretex har byrja lage notatbøker av gamle romanar;
sjølve bokinnhaldet i gamel bøker er fjerna

og det er sett inn nytt innhald i form av ei lita ringblokk.

Resultatet vert ei knallkul
og heilt personleg "ny" notatbok.

Alleslags bøker kan brukast. Både dei klassiske, vakre bøkene
med brun rygg og mønstra innsider,
og illustrerte bøker som Frøken Detektuv og Bobsey-barna.
Ganske artig er det jo dersom ein finn ei bok med tittel som
høver til den som skal eige boka! (Til dømes kan jo tante Ingeborg
på notatbok med tittelen Arsenikk og gamle kniplingar!)

Fantastisk idè som ikkje skulle vera heilt umogeleg å få til sjølv
dersom du er innehavar av litt middels avansert scrapbooking-utstyr.

Men på den andre sida
- å støtte Fretex ved å kjøpe ei bok eller to,
er i grunnen ein god julegjerning!


Fabolous redesign!
Cute note pads made from old books.
The pages are removed and a new note pad is fitted inside.
If you're lucky, you'll find your favourite title amongst.
How cute isn't that?
The makers of the books are the Norwegian Salvation Army.
Buy a book and support their work!

mandag 1. november 2010

Koselege korssting frå Danmark

Er ikkje denne puta søt?

Det kjem ikkje veldig godt fram på biletet, men denne puta er altså laga ved å sy kjempekorssting av tynne remser av bomullsstoff. Ein super måte å få brukt opp restestoff på.

Og startar du no, har du ei kjempekoseleg julegåve
til ei venninne, mor eller søster!

(Eg hadde i allefall vorte overlukkeleg for å få ei slik mjuk pakke under treet. Og det hadde nok far også, for den del...)

Oppskrift og framgangsmåte ligg tilgjengeleg hjå det danske magasinet Hendes Verden. Klikk på biletet, så kjem du direkte til rett side.