fredag 3. desember 2010

Når piffen manglar...


Lånt hjå Patina. Klikk på bilete så kjem du dit dei heldt til!
...må ein rett og slett hente litt piff hjå andre!

Det er grualeg lenge sidan sist innlegg, ser eg... Eg har fleire gongar vore på tanken om å skrive ingkvart kjekt, men hovudet har vore meir oppteke med oppussing av bad og restaurering av gamle vindauger. Og så har det også i her dalen vore eit svare strev berre det å halde varmen den siste tida!

Eg har difor teke meg den friheit å låne nokre bilete frå Patina-damene på Evanger utan å spørje fyrst. (Dette er eit reint reklameinnlegg i deira favør, så eg vonar det går greit!)

I morgon, laurdag 04.desember, er det julemarknad og kunstutstilling på Evanger. Den vesle gata der er nesten som eit postkort i seg sjølv - heilt i tråd med stemninga på verkstaden til skomaker Andersen og elles i Skomakargata.

Eg har tenkt å ta turen og kanskje finne dei siste julegåvene. Og så smake litt på Patinabaksten, sjølvsagt. Den kan få både julestemninga og piffen på plass hjå dei fleste!!!

Tomorrow the annual Christmas Market will be held at Evanger. I'll be off to get the last Christmas presents - and a piece of Patina's lovley cakes.

2 kommentarer:

  1. Du er hjarteleg velkomen, og veldig kjekt med så god reklame :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk!

    Jammen vart det handel - både hjå dykk og på marknaden. Og kaka var som alltid heilt himmelsk!

    SvarSlett