fredag 9. april 2010

Slik gjer me det på landet

For eit månader sidan brukte svigers heile helga på å lage "heimakorv". Dette er vestlandsk tradisjonsmat på sitt beste - nesten på høgde med smalahåve.

I utgangspunktet må ein korv trekkje bortimot ein time før servering, men for å spare tid på travle dagar prøver me no å førehandstrekkje korven slik at den vert omlag som kjøpekorv å tilberede. Berre ein hugsar å ta den ut av frysen om morgonen (!!!) , skal den herlegheita vera klar etter 15 minutt under lok. Med pote' og kålrabe'stappa attåt er dette suuupergod bondekost!

3 kommentarer:

  1. Hei, no var det ikkje pylsa eg skulle kommentere, men denne frk. Betty; ho er nemlig heilt lik svigermor som ung...hvertfall i fjeset (eg har ikkje sett liknande bilete av ho i ein slik positur)... så eg håper å få kjøpt ein kopp eller noko anna å gje til ho..hehe..bur ikkje så langt unna; hovedstaden i indre Hordaland, så kjem over Nesheimsfjellet når du har ein Betty-ting å selje!

    SvarSlett
  2. Mmmmm, dei såg riktig så gode ut :) Kjekt å kunne lage si eiga pylsa. God helg !

    SvarSlett
  3. Det var artig å høyre! Eg har ikkje noko produksjon gåande enno, men vona (og lysta!) er der. Eg håpar det ikkje vert lenge til, men keramikkutstyr er dyrt og treng noko plass så det kan hende det går både ein vinter og ein vår til før noko skjer... Ta kontakt med jamne mellomrom, så får du ei oppdatering på utviklinga.

    Bilete av Frk. Betty er forresten henta frå eit postkort frå ei eller anna strand i USA. Du får høyre om svigermor har vore der ein gong i ungdomen...

    SvarSlett