fredag 9. april 2010

Lopper i blodet?

Bilete over er frå Notting Hill i London der det er marknader året rundt. Sukk...
Eg har kjent det ei lita stund no.
Det plar verta slik eit stykke uti mars når snøen fer.
Blodet pumpar litt fortare og det kriblar i fingrane.
Loppene
er på veg!
Forbruk møter gjenbruk
og folk tør seg ut om døra
og møter folk dei ikkje har sett på ein heil vinter.
Det vert handel og prat om mykje moro når loppemarknadene endeleg opnar dørene att!


Som bebuar i eit gamalt hus eg enno ikkje har saumfart frå loft til kjellar, er eg så heldig å enno finne vekkgøymde og gløymde skattar.

Denne lampefoten dukka opp i sist veke og er no i ferd med å kome fram i og med ljoset igjen! Eg har planar om å lage eit par av den og den skjønne lampettskjermen som står ved sida av.

Føl med så får du sjå forvandlinga!

Men enn so lenge: RIKTIG GOD HELG!

2 kommentarer:

  1. Og tenk at Notting Hill er like rundt hjørnet...hi hi :) Thank you for siste tips om turen ;) Kanskje finn du eit loppis i nærleiken om ikkje lenge... ;) God helg !

    SvarSlett
  2. Kanksje på tide å ta seg en lopp-på-tur til bergen en helg ? ;)

    SvarSlett