mandag 11. januar 2010

Villvinmarknad i Risør 2010

Årets Villvinmarknad i Risør vert arrangert 8-10. juli,
og eit av mine (heller beskjedne) nyttårsforset er å få med meg denne markaden i år.
Byen Risør er i seg sjølv vel verdt eit besøk, har eg haurt, og å kombinere turen dit med høve til å snuse og snoke blant kunsthandverk frå fjern og nær, gler eg meg verkeleg til!
Keramikk er alltid kjekt å finne. Og kan hende det går an å luske til seg ein idè eller to...
Det er også moro å finne ting ein ikkje heilt skjønar kva er. På bilete var det i allefall ikkje lett å finne ut kva desse damene skal brukast til - men flotte er dei i allefall!

Og så fletta pil! Ei skikkeleg handlaga korg eller krukke av pil (ikkje frå IKEA) står høgt på ynskjelista. Den treng ikkje vera så stor. Berre stor nok til å passe på badet? Eller som eggjakorg på kjøkkenet...

Eg er verkeleg spikka nødt til å kome meg til Risør i juli.
Slik er det berre!

2 kommentarer:

  1. Den marknaden såg kjekk ut,sikkert mykje spanande og både sjå på og kjøpa ;)
    Artig blogg du har :)
    Ynskjer ei fortsatt ei fin helg !

    SvarSlett
  2. Risør er virkelig verdt et besøk!! :-) Min morfar kom derfra, og vi tilbragte hver sommer der frem til han døde på begynnelsen av -90tallet.. Ser på det litt som "min" by og ;-) hihi Takk for awarden forresten, sååå koslig å få!!

    SvarSlett