mandag 11. april 2011

Prosjekt Bad: Stadig nærare

Travle røyrleggjarar og ein sjuk eletrikar har sett sitt preg på kvardagen min i det siste. Eller det vil seie - har ikkje sett sitt preg på kvardagen min. Eg ventar, ventar og ventar på dei siste småtinga før badet er klart for stæsjing... Heldigvis er dusj og toalett råd å bruke, og det har endeleg kome varme i badegolvet, men lys og servant er enno ikkje montert.

Ein ting har eg i allefall oppdaga det siste halvåret:
Ting tek tid!
Også om ein ikkje "skal gjere alt sjølv".

På handletur i Bergen denne helga fekk eg tak i vindusfolie hjå Carlsen i Dræggen. Innsikta frå naboar er ikkje veldig brysom her ute på landet, men ein og annan turistbuss kan det jo vera greit å skjerme seg mot.

Valet fall på Design 9 frå vindufolie. Passeleg bestemor-aktig her hjå meg, trur eg! Biletet er frå produsenten si nettside.

I'm still waiting for the plumbers and electrician to get do the last little things in the bathroom. In the meanwhile I've found a window foil to prevent people looking in. Nice and granny-ish!

1 kommentar:

  1. Heisan! :)

    Tusen takk for hyggeleg kommentar på bloggen min, eg beklagar at eg er så treg med å svare...

    Magnoliaen er faktisk ganske så hardfør, så vestlandstemperatur vinterstid er faktisk ikkje det verste. Trur du fint kan prøve deg å plante den ute, men kanskje i litt ly eller nær husveggen? Eg var heime på vestlandet no i helga, og der stod magnoliaen i knupp no... Gler meg til å sjå i påska om den er kome noko lenger :)
    Ha ein fin tysdag!

    Krista

    SvarSlett