mandag 14. mars 2011

Prosjekt Bad: Gamalt vindauge

I dei fleste bøker og nettartiklar eg har lest om oppussing av gamle vindauge står det at det er viktig at vindauget ligg stabilt. Aller helst skal det vera sett fast til arbeidsbenken med tvinger eller andre hjelpemiddel. Og det er viktig med god og skarp skrape når ein skal fjerne den gamle malinga.

Jau, det hadde sikkert vore ein fordel. Kanskje eg då hadde vore ferdig for leeeenge sidan?!!

Då eg skrapa vindauga, og fjerna dei gamle glasa, brukte eg frysen nede i kjellaren som arbeidsbord. Tvinger - eh, nei! Då det vart for kaldt å stå der nede flytta eg opp i stova og la vindauget oppå to stolar ståande mot kvarandre. Framleis ustabilt og tvingelaust. Her vart vindauga også grunna og malt.
Og då glasa skulle inn igjen, bretta eg til sides duken på spisebordet og slo meg til der... Væpna med akrylfugemasse, gamle barberblad og lange neglar (eit umisteleg verkty!) er eg no i gong med siste hand på verket... Og so håpar eg det heldt. I allefall ei stund! Og so håpar eg at det vert fint på badet - omtrent slik som hjå mi store inspirasjonskjelde Johanna i Sverige:

Og elles:
Vårsola varmar
som aldri før
og er i gong med å
smelte på
1,8 meter snjo...

Hurra - hurra - hurra!!!

Ha ei fin-fin veke, folkens!

The work on the old window is nearly done. I hope it will fit beautifully in the new bathroom, like in my biggets source of inspiration: Swedish Johanna's bathroom! This have been a true DIY project. Old racerblades and my own finger nails have been important tools in the process!
The sun is warming
as never before
and have started the project
on melting
1,8 metres of snow.
Hooray!

2 kommentarer:

  1. Så flink du er då ! Er ikkje alltid ein må gjera ting akkurat slik alle råder til, kanskje det då aldri vert gjort ! Gledar meg til og sjå det ferdige badet :)
    Og JAAA, våren er i anmarsj !!! :)

    SvarSlett
  2. Nett det var det eg tenkte òg! ;D

    SvarSlett