torsdag 30. desember 2010

Nytt år - nye draumar

Biletet er lånt frå weheartit.
Godt år
og mange nye draumar
i vente!



tirsdag 21. desember 2010

Sjølvlaga juletrepynt

Å pynte treet med heimelaga pynt er no litt stas, tykkjer eg! Desse englane laga eg då eg studerte keramikk ved Høgskulen i Telemark for nokre år sidan.
Berre eg får invistert i verkstad og utstyr, er planen å lage slike - og mykje anna kjekt - for sal.
Årets tre er enno ikkje kome i hus, men her eit bilete av fjorårets pryd. Eg er oppvaksen med furu som juletre, men i 2009 vart løysinga å sage ned ei "peikete" edelgran som stod i hagen. Enkelt og greit, men i år vil eg ha furulukta i stova!

tirsdag 14. desember 2010

Det snør - HEILT INN!

At det snjoar er vel inga overrasking over lengre. Men at det kjem heilt inn?!? Gjennom taket og golvet på loftet, nedover loftstrappa - og HEILT INN - det hadde i allefall ikkje eg rekna med.
I trappa vår inne i gangen låg det i allefall rikeleg. Og kjem den inn, vert den værande. No når gradestokken viser minus 15 ute, så betyr det minus 3-5 inne i gangen i det gamle huset vårt! Brrr! Melisdrysset ved enden av trappa var eit temmeleg forbausande funn! På taket ligg berre lekter og skifer - sutak fins ikkje! Men det skal seiast: Taket er faktisk tett for vatn. Det er berre når det blæs og snjoar samstundes at det kjem heilt inn, og denne gongen hadde altså loftsluka stått ope over natta.

NB! Trappelemmen (gangen i 2. etg) SKAL pussast opp snart.

I woke up one morning finding a thin layer of "icing sugar" in the steps leading up to the attic. We had left the hatch open and the snow had blown in through the roof which is covered only with slabs of stone. No insulating materials. I must say, although I am staring to get used to living in an old house, I got rather surprised!

NB! The hall upstairs is soon to be renovated.

søndag 12. desember 2010

Julestemning i London

Bilete er lånt frå weheartit
Tenk
å kunne sitje øverst i London Eye
etter å ha vore på julehandel
på Old Spitafields Market
i Portobello
eller Camden
Tenk
å rusle rundt i London
med ein flapjack i neven
sitje i andre etasje på bussen
og berre late storbylivet summe
Slike draumar har ein
når ein bur på landet
Sharing my thoughts and dreams about going Xmas-shopping in London enjoying the city life...

tirsdag 7. desember 2010

Alle hjarter gler seg

Her hi helga vart eg både veldig glad og ganske trist samstundes. Naboen over vegen hadde nett felt ei diger hengjebjørk som har stått der i heile min barndom. Treet har stått der og vinka med nakne kvistar om vinteren, og dansa i den grøne finkjolen kvar sommar. No er dansen over og det er rett og slett så eg vert litt våt i augekroken berre av tanken. Men kvistane, dei lever vidare. I beste velgåande!

Kvistar av hengebjørk er eit vidunderleg materiale å lage kransar, hjarter og anna pynt med. Dette hjartet er laga av to buntar tynne, lange kvistar og ein liten meter med ståltråd. Fyrst surra eg saman buntane kvar for seg. Så festa eg saman endane på dei to buntane (den enden som stikk ned bak sløyfa). Deretter forma eg hjartet slik eg ville ha det og festa halen på kvar bunt til endane. Til slutt vedve eg litt att og fram med ståltråden for å få det heile til å hengje betre saman. Knyt på ei sløyfe om du vil!
Enkel og fin julepynt, tykkjer no eg!

To make this lovley heart all you need is some brich twigs and a thin metal string. The twigs are taken from a silver birch - the one with the long, "sloppy" twigs.

Tie a ribbon to its belly and you have a simple and decorative wreath for Christmas and other occasions!

fredag 3. desember 2010

Når piffen manglar...


Lånt hjå Patina. Klikk på bilete så kjem du dit dei heldt til!
...må ein rett og slett hente litt piff hjå andre!

Det er grualeg lenge sidan sist innlegg, ser eg... Eg har fleire gongar vore på tanken om å skrive ingkvart kjekt, men hovudet har vore meir oppteke med oppussing av bad og restaurering av gamle vindauger. Og så har det også i her dalen vore eit svare strev berre det å halde varmen den siste tida!

Eg har difor teke meg den friheit å låne nokre bilete frå Patina-damene på Evanger utan å spørje fyrst. (Dette er eit reint reklameinnlegg i deira favør, så eg vonar det går greit!)

I morgon, laurdag 04.desember, er det julemarknad og kunstutstilling på Evanger. Den vesle gata der er nesten som eit postkort i seg sjølv - heilt i tråd med stemninga på verkstaden til skomaker Andersen og elles i Skomakargata.

Eg har tenkt å ta turen og kanskje finne dei siste julegåvene. Og så smake litt på Patinabaksten, sjølvsagt. Den kan få både julestemninga og piffen på plass hjå dei fleste!!!

Tomorrow the annual Christmas Market will be held at Evanger. I'll be off to get the last Christmas presents - and a piece of Patina's lovley cakes.