torsdag 10. juni 2010

Mjølk fjernar flekkar!

Gløym flekkfjernarar med slemme kjemikaliar!

Dersom du får bærflekkar på kleda er faktisk mjølk eit effektivt flekkfjerningsmiddel.
Eg var på besøk hjå tanteungane mine her ein dag. Då 10-åringen trong hjelp til å få den heimelaga saftisen opp av forma, endte det med at eg fekk blåbærflekkar over (nesten) heile meg! På dokumetarprogrammet Tilbake til viktoriatiden på NRK såg eg for ei tid tilbake at Ruth fjerna bærflekkar med mjølk - og dette måtte sjølvsagt prøvast ut. Eg la derfor gensaren min oppi ei skål med mjølk over natta, og utruleg nok: Neste morgon var flekkane forsvunne som dogg for sola! Og det heilt naturleg!

2 kommentarer:

  1. Yes, I like :) Noko so enkelt ;)
    God helg til deg :)

    SvarSlett
  2. Ja, ikkje sant!?!

    ...og mjølk har ein jo alltid i hus.

    SvarSlett