torsdag 10. september 2009

Knapt med knappar?

I framtida, om ikkje lenge - ei lita stund, berre, vonar eg å få keramikk-omn og utstyr på plass slik at eg kan byrje å lage knappar, skåler, koppar og anna moro igjen. Men før eg kan huse omn, må eg ordne hus. Og før eg kan ordne hus, må eg ordne litt utomhus. Drenere, heiter det. (Ikkje trenere, altså, sjølv om det jo trenerer mine planar ein smule!) Og det er idiverre IKKJE like kjekt ut som å sitje med leire oppetter armane i eigen verkstad. Moro eller ikkje moro - det må gjerast. Uansett. Og det hjelper ikkje å leggje seg ned på golvet å banke med armar og bein og rope på Mamma og Pappa.

Det veit eg. For eg har prøvd.

2 kommentarer:

  1. Så spennende med keramikkplanene dine! Synd det ikke hjelper å legge seg ned på golvet å "bælje"...:)

    Vibeke

    SvarSlett
  2. *smiiiil* (Veldig koseleg med ein kommentar!)

    Akk, nei den tid er nok forbi :D

    Men når ein må gjere litt innsats for ting, er det jo desto kjekkare når det ordnar seg. Føl med på bloggen - eg reknar med det vert eit gedigent jubel-oppslag når utstyret er på plass!

    Susanne

    SvarSlett