torsdag 24. september 2009

Haustleg VINTAGE frå Sverige

Dette biletet er henta frå ein svensk blogg som heiter www.vintage.blogspot.com. Bak bloggen står Johanna Flyckt som driv profesjonelt med stylingoppdrag og innreiingsreportasjar. Bileta hennar er berre heilt vidunderlege.

Fotoet av laukane på glas tykkjer eg er ein hyllest til hausten. Fargar og tekstur i biletet oppsummerer hausten som kjensle og stemning - utan at motivet er den klassiske skogen med gule lauv som ligg som ein fell på bakken.

Å besøke denne bloggen er kvardagskos på sitt beste. Vel bekomme!

2 kommentarer:

  1. ..enig med deg - et fantastisk bilde!
    og en fin blogg..men det hadde jammen du også, her likte jeg meg!
    ha en fortsatt fin kveld -

    moa

    SvarSlett
  2. Ååååååå, so koseleg å høyre!

    Sit akkurat no på kontoret på jobb og stakk nett innom på bloggen før eg syklar heim. Dette var ein god start på helga :D

    GOD HAUSTHELG!!!

    SvarSlett