onsdag 5. august 2009

Iiiiirk!



Ikkje særleg lekkert, nei!

Dette er kranene på badet i kjellaren vår. Vasken der nede har dei siste 20 åra ikkje vore brukt til anna enn å rense mopeddelar og liknande, og den ser altså dertil vemmeleg ut! Men no er det von i hangande snøre, seiest det. Eg har lest i ei knakande kjekk bok om eddik at det skal fjerne både rust og andre uartige flekkar. No har eg lagt ein gamal handduk dynka med eddik over heile vasken, og i morgon skal eg avdekkje herlegheita og skrubbe og skure litt, og så vonar eg krana vert god som ny! Bilete av resultatet kjem snart...

Ynskjer du innblikk i eddikken sine fantastiske eigenskapar og tips om dei ulike bruksområda, sjå på denne nettsida: http://www.vinegartips.com/ (som verkar vera basert på same materiale som boka mi).
Eeek! Not too pretty a sight, is it? This is the tap from the bathroom in our cellar which the last 20 years have been more used as a garage and store room. In a book called Vinegar I read that it's supposed to be an excellent remedy to remove rust and other stains on taps and porcelain sinks, - perhaps there's hope for our bathroom after all! The web site above seems based on the same knowledge as my book, check it out to discover the benefits of vinegar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar