mandag 25. oktober 2010

Om frosne tær og ting som tek tid

Biletet er frå weheartit

Og so vart det kaldt
Akkurat no når me pussar opp badet
Og me må gå ned i kjellaren for å gå på badet
På kjellarsbadet som vart laga på 50-talet ein gong
Og som det ikkje er innvendig trapp til
Så me lyt altså ut, ned trappa og inn i kjellaren
For å finne eit spartansk bad med dusj og do
Og ein liten dusjkrok
Og ein vask med to kraner
Der den varme krana må skruast opp og opp og opp
Fordi trykket svinn hen etter 5 sekund
Uansett
Og der den kalde krana driv og drypp
Heile tida
Slik at det vert stygge merker i vasken
Som må skrubbast vekk kvar fjerde dag
Og fordi det ikkje er varme i golvet der nede på kjellarsbadet
Kjem ein alltid opp igjen frå endt visitt
Med isfrosne tåtillar

1 kommentar:

  1. Hi hi, synes eg ser det for meg, og det høyrdes ikkje akkurat forlokkande ut ;) Håpar det nye badet straks er ferdig :) God helg !

    SvarSlett