lørdag 20. mars 2010

"Heim" til herlege York!

Home, sweet home!
Av herlege små byar her i verda, som eg kjem til å reise attende, attende og attende til, er York i North Yorkshire, England, sikra ein plass på topp-tre lista mi. Det at eg har budd og studert der i eit halvt år og verkeleg har opplevd kulturen, og menneska som skaper den, er utvileleg med på å gjere at denne vesle byen føles genuint som a second home.

Eg gler meg stort til å vandre rundt i dei trange gatene; ta ein kikk innom skobutikken i Gillygate, den skjønne leikebutikken i Little Swinegate - og sjølvsagt ta ein runde på stampuben i Goodramgate, The Habit!
Sjølv på gråversdagar er York vakker. Den romerske bymuren ligg som alltid beskyttande rundt bykjerna og tårna på the Minster like majestetisk, uansett ver.
Og ikkje minst - ein tur innom York St. John University det berre bli. Med eigne skulegartnarar som vedlikeheldt nirklande stiar med lavendel i kanten, bugnande blomebed og magnoliabuskar, er det kanskje ikkje så rart at ein kan trivast som student i York...

Håpar forresten der ligg eit stykke rykande fersk Chocolate Fudge Cake som ligg og ventar på meg i kantina... Mmmm!

1 kommentar:

  1. No fekk eg gode minner tilbake frå skuletur til York i 9.klasse;) Hadde sikkert vore litt annleis og reist dertil idag, litt andre ting ein er oppteken av, trur eg ;) men eg hugsar det var ein fin by. Kos deg og god helg vidare :)

    SvarSlett