fredag 5. mars 2010

Grønt er skjønt!

Dersom du er er interessert i å finne "grøne løysingar" til bruk i kvardagen, er nettsida gronnhverdag.no er verdt ein titt!

Her finn du nyttige miljøtips, testresultat og lenker til andre nettsider som tek miljø på alvor. Eg har brukt sida til å finne ut om helse- og miljøbelastande kosmetikk, miljøvenleg maling og kvar eg kan finne loppemarknader. Grønnhverdag har også ei eiga Økoshop . I denne nettbutikken finn du forbruksvarer og hjelpemiddel som er anten økologisk eller fair trade-produsert - eller begge delar.

Ha ei retteleg grøn helg, alle saman!

1 kommentar:

  1. Takk for tipset om denne sida :) Alltid eit mål å kunne leve eit litt meir "grønt" liv.
    Fortsatt god helg til deg :)

    SvarSlett