onsdag 26. august 2009

Fiona Hewitt og Wu & Wu

Her forleden dag kom eg over denne søte nettsida: http://www.wuandwu.com/. Her finn ein ei røys med kjekt å ha-ting med dei mest fantstiske illustrasjonar! Det ser ut som at webshopen berre gjeld for USA og UK, men produkta skal finnast i forretningar rundt om i verda. Eg skal halde auger og øyrer opne!


Noko for sjølv dei tøffaste av dei tøffe!


- For dei søtaste av dei søte,


og for dei veldig, veldig dyrekjære!



Det er illustratør, Fiona Hewitt, og ekspert i Asiatisk Kitschologi, Andy Tainton, som står bak designet. Fiona Hewitt har også eigen nettside: http://www.fionahewitt.com/, der ein finn mellom anna denne plakaten:


The great design duo Fiona Hewitt and Andy Tainton have made these fabulous products. I think I'm in love :o)




onsdag 12. august 2009

For flittige hender

...kan kanskje hekling vera ein fin seinsommar-aktivitet? Eg heldt no på med eit petrolfarga englemaske-sjal som eg trur vert veldig fint. Men det er alltid so kjekt å gje vekk ting at eg kjem vel ikkje til å behalde det sjølv, det heller :D

Desse bileta er henta frå DROPS Design, der ein får kjøpt heklepinnar i tre (som eg enno ikkje har prøvd, men dei ser deilige ut), garn til rimelege prisar og GRATIS oppskrifter på mange språk! Dette er verkeleg ei snedig nettside!


Til og med kan dei mest snuppete av heklarane blant oss få tak i glitrande heklenåler! Sukk!

Have you got crafty fingers? DROPS Design is a company offering wooden crochet hooks (haven't tried them, but they do look lovely!), reasonable priced yarn in a wide range of sorts and colours (I don't know if they ship outside of Norway or Scandinavia, though), and best of all, there's lots and lots of FREE recepies for knitting and crocheing in different languages! Visit the web site above and be amazed! The girliest crocheers can even get sparkling hooks. Hooray!





tirsdag 11. august 2009

Enn so lenge

... kan klesvasken henge ute å friske seg i vinden, og enn so lenge kan eg hente inn nyvaska sengklede og (ekte 70-tals og litt fillete!) retro-handdukar som luktar SOOOOL. Mmmm, sommaren er verkeleg ei herleg tid!

(So lenge ingen er ute på bakkane å spreier møk og silosaft. Ugh!)

The weather has been lovely lately and I've been able to let the laundry dry and freshen up outside. Summer's my favourite time of the year - I love the smell of sunshine in my duvet covers when I go to bed!

onsdag 5. august 2009

Tadaaaaa!

Eg kunne ikkje dy meg, og etter berre 4 timar byrja eg å gnukke på kranene og vasken... Resultatet talar for seg - eddik er tingen!!!


No manglar berre maling på vegger og golv, så vert badet i kjellaren eit greit ekstra-bad. Det vert ei stund til det vert skruing på mopedar her inne no!

Look at this! This is the sink after I scrubbed it a little bit after being wrapped in a vinegar-soaked cloth for about four hours. I did not scrub very much, it all came off very easily. I'm convinced! Vinegar is my number one cleaning remedy from now on!

Iiiiirk!



Ikkje særleg lekkert, nei!

Dette er kranene på badet i kjellaren vår. Vasken der nede har dei siste 20 åra ikkje vore brukt til anna enn å rense mopeddelar og liknande, og den ser altså dertil vemmeleg ut! Men no er det von i hangande snøre, seiest det. Eg har lest i ei knakande kjekk bok om eddik at det skal fjerne både rust og andre uartige flekkar. No har eg lagt ein gamal handduk dynka med eddik over heile vasken, og i morgon skal eg avdekkje herlegheita og skrubbe og skure litt, og så vonar eg krana vert god som ny! Bilete av resultatet kjem snart...

Ynskjer du innblikk i eddikken sine fantastiske eigenskapar og tips om dei ulike bruksområda, sjå på denne nettsida: http://www.vinegartips.com/ (som verkar vera basert på same materiale som boka mi).
Eeek! Not too pretty a sight, is it? This is the tap from the bathroom in our cellar which the last 20 years have been more used as a garage and store room. In a book called Vinegar I read that it's supposed to be an excellent remedy to remove rust and other stains on taps and porcelain sinks, - perhaps there's hope for our bathroom after all! The web site above seems based on the same knowledge as my book, check it out to discover the benefits of vinegar!