Siste veka har eg vore på tur til England med undgomskule-elevane på skulen eg arbeider på, og dagane har vore fyllt til randen av all slags artige aktivitetar, god mat og mengder av latter. Det har vore ein fantasktisk flott tur med ein gjeng flotte ungdommar!Og dersom nokon skulle vera reiseslystne: York er verkeleg å anbefale på denne tida av året! Veret er stort sett bra (langt meir vårleg enn på heimlege trakter), dei fleste overnattingsstader gjev off peak season-rabattar og det er ikkje kø på attraksjonane. Men viktigast av alt: Påskeliljene står i kø i kvar ein skrent for å vise kor vakre dei er.
GOD PÅSKE!

Sjølv på gråversdagar er York vakker. Den romerske bymuren ligg som alltid beskyttande rundt bykjerna og tårna på the Minster like majestetisk, uansett ver.





