tirsdag 8. juni 2010

Vøling på storelemmen

Då er endeleg storelemmen tømt for skrot og skrømt (...) og står no klar for oppvøling. For ikkje-vestlandske lesarar kan eg opplyse om at ein lem er det same som eit rom andre etasje. I huset vårt har me tråppalemmen, vetlelemmen og storelemmen - som tilsvarer "rommet som trappa går opp til i andre etasje", "det vesle rommet i andre etasje" og "det store rommet i andre etasje". Storelemmen er eit ganske stort rom, omlag 20 kvadratmeter, og planen er at det skal verte master bedroom med bad vegg i vegg og utgang til balkong. No er det slik at verken bad eller balkong er på plass, så me snakkar litt fram i tid før alt er ferdig. Enn so lenge skal i allefall storelemmen få ei real oppvøling! Når huntonittplatene forsvinn vert tømmerveggane synlege. Diverre har det vore vasslekkasje på to ulike plassar: Der vindauget no er og i det eine hjørnet inne i rommet. Men dersom me byter ut vindauget med balkongdør, og set opp eit høvande skap borti kroken, vert skadane skjult og ute av verda! Tji-hi!

mandag 7. juni 2010

Late dagar

Sola har varma frosne vestlendingar i fleire dagar no. Hagebenken eg fekk til jul (kreative foreldre!) for nokre år sidan er komen ut i hagen, og å sitje der å kjenne telen gå ut or kroppen denne helga var berre aldeles skjønt!
På late dagar kan det vera kjekt å finne fram lektyre frå ei svunnen tid...
Eg las ikkje akkurat ustanseleg frå perm til perm, men litt artig var det likevel å kikke i Frøken Detektiv og den kinesiske gåten. Den stod å finne i ei bokhylle her i gamlahuset - enno ein av dei litt artige små skattane som av og til dukkar opp. Det var veldig koseleg å sitje på hagebenken med pledd over knea og lese om Nancy og venninnene hennar (før dei fekk mobiltelefon og ipod).

fredag 4. juni 2010

Tra-lallalalalalala....

Litt dyr, men sooo nydeleg!
Denne sykkelkorga har eg drøymt om i eit par år allereie. Den er å få kjøpt hjå designhouse stockholm (kanskje andre stader også), og eg har berre såååå lyst på den!
Når eg ser denne korga har eg lyst å ta på meg den grøne lollopardkjolen min, dei raude blondekloggane mine, setje opp håret og trakke avgarde med mjuk sommarluft svinsande kring leggane, og så stoppe på den gode markjordbærstaden borte i svingen og ta ein pause for å plukke jordbær på strå
- og berre nyte sommaren i fulle drag!

tirsdag 25. mai 2010

Nostalgi i krokane

Sjølv om oppussing og oppdatering av huset går noko seint i desse dagar, prøver eg likevel å omgje meg med trivelege ting. (Med verdas mest upraktiske kjøkkenløysing og slitent golvbelegg frå 70-talet i heile huset er det diverre begrensa kor koseleg det vert, men ein må jo prøve...) Oppå kjøleskåpet (også slitent og frå 70-talet!) plasserer eg tidvis nokre av skattane mine.

Akkurat no er eg i det nostalgiske hjørnet og bunadsjentene på askjetten frå Figgjo, den 50-tals kakeboksen og dropsboksen frå Erle Drops har fått kome fram i ljoset.

Eg trur dei likar seg der!

søndag 23. mai 2010

Snart...

... kan sommaren nytast i hagen.
Då skal eg kose meg med ei kjekk bok
og ei skål med nesten tina bjørnebær med vaniljekesam på.
Mmmm - det er deilig, det!

Me må berre
planere plenen utanfor huset fyrst,
og så gras,
og jage sauene til fjells,
og få slåtten overstått,
og male huset (- igjen!),
og...,
og...

torsdag 13. mai 2010

Ein Gul Knapp har blogglotteri!

Ein Gul Knapp feirer 20. 000 besøkande,
og har laga denne glade puta som kan verte di (eller mi!).
Samstundes lanserast det fornorska omgrepet for
give away:
blogglotteri!
Fantastisk, eller kva?

tirsdag 11. mai 2010

Frå blanke messingen til lilla lekkerbisken

Forandring fryder!
Nedanfor er før-bilete av lampen
Endeleg - to veker på etterskot kjem bileta av den gamle messinglampen si nye drakt. Den vart då ikkje så verst? Skjermen fann eg på loppermarknad på Sjold. Ein annan lampe, også funne på loppis, vart også lakka. Denne er førebels skjermlaus og må vente litt med å vise seg fram.
Framgangsmåte:
Eg pussa lampane med fint sandpapir (120), vaska dei og maskerte leidningen. Deretter lakka eg over med spray. Trur den heiter Quicklakk. Etter eit døgns tørking kan herlegheita takast i bruk. Men merk at det kan vera naudsynt å spraye fleire gongar for å få det til å dekkje heilt.

Slik såg lampen ut då eg fann den nederst, innerst, bakerst i eit skap.
Eit par spraystrøk var alt som skulle til!