mandag 11. april 2011

Prosjekt Bad: Stadig nærare

Travle røyrleggjarar og ein sjuk eletrikar har sett sitt preg på kvardagen min i det siste. Eller det vil seie - har ikkje sett sitt preg på kvardagen min. Eg ventar, ventar og ventar på dei siste småtinga før badet er klart for stæsjing... Heldigvis er dusj og toalett råd å bruke, og det har endeleg kome varme i badegolvet, men lys og servant er enno ikkje montert.

Ein ting har eg i allefall oppdaga det siste halvåret:
Ting tek tid!
Også om ein ikkje "skal gjere alt sjølv".

På handletur i Bergen denne helga fekk eg tak i vindusfolie hjå Carlsen i Dræggen. Innsikta frå naboar er ikkje veldig brysom her ute på landet, men ein og annan turistbuss kan det jo vera greit å skjerme seg mot.

Valet fall på Design 9 frå vindufolie. Passeleg bestemor-aktig her hjå meg, trur eg! Biletet er frå produsenten si nettside.

I'm still waiting for the plumbers and electrician to get do the last little things in the bathroom. In the meanwhile I've found a window foil to prevent people looking in. Nice and granny-ish!

onsdag 6. april 2011

DIY: Bøker frå loppis får nytt liv!

Hjå rom123 denne veka dukka det opp ein super artikkel. Eg likar veldig godt å kjøpe gamle bøker med fine permar på loppemarknad, men veit ikkje alltid kva eg eigentleg skal gjere med dei når eg kjem heim.

Somme bokryggar tek seg jo fint ut i bokhylla, og mange bøker er jo kjekke å lese, men likevel er det ein del eg ikkje har "fått til" å bruke. Tidlegare har eg skrive om Fretex sitt prosjekt med å lage notatbøker av gamle romanpermar, men  rom123 presenterer altså i denne artikkelen ein enno meir praktisk måte å bruke bøkene på. Fantastisk, ikkje sant?

Boka i bokhylla treng ikkje innehalda lange tekstar ein aldri kjem seg gjennom. Kvifor ikkje fylle opp med kreativt verkty i staden?
Bokstabel med "hemmeleg" oppbevaring


Kvifor ikkje gøyme pengane i bokhylla i staden for i madrassen?

Det florerer av loppemarknader i kvar ein krok for tida.

Lukke til med jakta!

torsdag 17. mars 2011

York: I mitt hjarte

Eg ynskjer ofte
eg var i York,
i England.
Særleg på denne tida
av året,
når dei japanske kirsebærtrea
gjer kvardagen lyserosa.



I often wish I was in York, UK. Especially at this time of the year when the Japanese cherry trees are colouring every day pink!

mandag 14. mars 2011

Prosjekt Bad: Gamalt vindauge

I dei fleste bøker og nettartiklar eg har lest om oppussing av gamle vindauge står det at det er viktig at vindauget ligg stabilt. Aller helst skal det vera sett fast til arbeidsbenken med tvinger eller andre hjelpemiddel. Og det er viktig med god og skarp skrape når ein skal fjerne den gamle malinga.

Jau, det hadde sikkert vore ein fordel. Kanskje eg då hadde vore ferdig for leeeenge sidan?!!

Då eg skrapa vindauga, og fjerna dei gamle glasa, brukte eg frysen nede i kjellaren som arbeidsbord. Tvinger - eh, nei! Då det vart for kaldt å stå der nede flytta eg opp i stova og la vindauget oppå to stolar ståande mot kvarandre. Framleis ustabilt og tvingelaust. Her vart vindauga også grunna og malt.
Og då glasa skulle inn igjen, bretta eg til sides duken på spisebordet og slo meg til der... Væpna med akrylfugemasse, gamle barberblad og lange neglar (eit umisteleg verkty!) er eg no i gong med siste hand på verket... Og so håpar eg det heldt. I allefall ei stund! Og so håpar eg at det vert fint på badet - omtrent slik som hjå mi store inspirasjonskjelde Johanna i Sverige:

Og elles:
Vårsola varmar
som aldri før
og er i gong med å
smelte på
1,8 meter snjo...

Hurra - hurra - hurra!!!

Ha ei fin-fin veke, folkens!

The work on the old window is nearly done. I hope it will fit beautifully in the new bathroom, like in my biggets source of inspiration: Swedish Johanna's bathroom! This have been a true DIY project. Old racerblades and my own finger nails have been important tools in the process!
The sun is warming
as never before
and have started the project
on melting
1,8 metres of snow.
Hooray!

torsdag 10. mars 2011

Tre Brør Cafè

Skal du til
Voss
i næraste framtid, bør du leggje turen innom herlege
midt på Vangen (rett ved blomstertorget!
Nydeleg mat
(mykje er lokalt og økologisk produsert!),
knast interiør
og rullerande salsutstilling
av kunst er noko av det du får oppleve her.
Eigen blogg
har dei også - besøk den og få eit inntrykk av den gode stemninga!

søndag 6. mars 2011

Blogglotteri hjå Lobelia

Kanskje


eg rekk det...?



Og kanskje eg vinn...?


Lobelia har blogglotteri - med frist i dag!


Håpet er lysegrønt!

lørdag 5. mars 2011

PhotoScape: Gratis redigering av digitale bilete


PhotoScape er gøy, superenkelt
og heilt gratis!
Om du ikkje har prøvd det, klikk her:


PhotoScape is great fun and very easy to use. And it's free! I love it!