torsdag 3. mars 2011

Prosjekt Bad: Anten - eller?

Det har vore mange anten - eller-problemstillingar so langt på ferda på reisa mot Prosjekt Bad: Ferdig. Turen er ikkje over enno, men målet er heldigvis nærare enn nokon gong før! No er det litt mindre alvorlege avgjerdsel som skal takast, men like fullt - ein må jo bestemme seg for noko. Og det er ikkje lett!


Anten:
- eller:
Me skal bruke ein gamal spegel kjøpt hjå Patina på Evanger, og eg ville ha ein lampe som passa til stilen samstundes som den ikkje skulle dominere for mykje i rommet.


Med ein hjelsom mann fekk eg etter mykje om og men teke avgjerdsla: Lampen frå IKEA (øvste bilete) vart vinnaren.
Eg er litt skeptisk til elektriske produkt frå IKEA, men enkelte prinsipp må vike når det står om slike viktige ting...

Orsakar noko uprofesjonell fotografering (fotografen bør streng tatt ikkje vera med på bileta har eg haurt), men desse bileta var eigentleg ikkje tenkt lagt ut på verdsveven...
This or that? I wanted a bathroom lamp not too dominant accompanying the old mirror. With a little help from my finacè, the decision was made. The lamp from IKEA is the winner (left). Sorry about the non-pro photoes - they were not ment to be published...

onsdag 23. februar 2011

Lukkeleg?


...kan vera so mangt!


Eit fint ord,
på ein solskinndag
gjer meg lukkeleg.

Ein klem
frå ein god ven
gjer meg lukkeleg.

Og så gjer DR sin superdupre
depressjonskomedie meg lukkeleg.
Prøv du også:
Ni av ti episodar ligg no tilgjengelege på nett.
Filma i herlege København
med eit fantastisk cast!
N y t!

fredag 18. februar 2011

Prosjekt Bad: Gamle spor

Bak gamle huntonittplater og og baderomspanel dukka det opp ei lita handleliste frå svunne tider:
Stor huntonitt,
glasvatt og
glatt pløgd
vart tydelegvis handla inn då det gamle kammerset vart gjort om til bad ein gong på 50-talet. Sjølv om det meste tek laaang tid når ein driv og vølar på gamle hus, så er det veldig kjekt når slike små funn dukkar opp!

Tømmerveggen kjem til å verta bakvegg i garderobeområdet, og eg lurte på om det kunne vera greit å ha den i same farge som sideveggane. (Som originalt nok er malt i egghvit...) Men det slo eg raskt frå meg og tømmeret er no malt med ein farge som er nesten heilt lik på den grøn-turkise fargen som var der frå før.

Og handlelista har eg malt rundt og ikkje over. Gamle spor må vernast om!

fredag 11. februar 2011

Den gamle gyngestolen

Sjølv om huset eg bur i er eit gamalt tømmerhus frå 1850, er det diverre ikkje så mange gamle ting igjen her. Nokre sofaer frå 50 - og 60-talet, steintøy og kjekke bileter er her jo, men arveoppgjer og anna har gjort at ein kan telje på ei (eller kanskje to) hand dei verkeleg gamle godsakene som er att. Men ein ting er her, heldigvis:

den gamle gyngestolen

Han er litt skadd i den eine meia så han toler ikkje dagleg bruk, men planen er å få vølt skaden.

God helg!

torsdag 27. januar 2011

Prosjekt Bad: Undervegs

Maaaange og laaaaaaaange månader har gått sidan me byrja på Prosjekt Bad. Desse bileta er tekne for nokre veker sidan, rett etter at panelen var komen på plass. (No er den i tillegg både grunna og malt. Tre strøk!)

På biletet over ser du dusjnisja til høgre, og der den turkise firkanten er, skal det kome eit gamalt småruta vindauge. Litt a la badet til Johanna med bloggen VINTAGE. Det trur eg vert himmelsk fint!!! Krakken står der toalettet kjem - berre eg snart får bestemt meg for kva slags eg vil ha... Oppussing er verkeleg eit kjenslemessig slit for slike ambivalentar som meg. Eg skulle helst ha sett opp alle tenkelege alternativ og prøvd dei ut i ei veke kvar før eg bestemte meg!

Golvet på badet er svarte flisar (10x10), medan vaskeromsgolvet er grått. Eg ser for meg at det støvar enno meir her, og husmora i meg min tykte difor det var lurt å gå for ein litt ljosare golvfarge enn på badet. Smart, esse!

Maaany long days and month have gone since we first started renovating our bathroom. These pictures are taken a few weeks ago, and gives you a few glimpses of the shower area (above) and the laundry room (below). My main inspiration is found at the Swedish blog VINTAGE. One of my absolute favs!

torsdag 20. januar 2011

Hekla hjarter

Noko SOOO nydeleg!

Og slettest ikkje så vanskelege å lage. (Trur eg, då. Eg har ikkje prøvd enno.) Eg fann desse herlegheitene på etsy nett no, og måtte dele dei med dykk med det same! Dersom du har slengt seg på Valentine's-trenden er det jo berre å setje i gong med heklanåla no, so har du eit par dusin vakre hjarter å strø over sengeteppet til den 14. februar...

Begge bileta er frå tyrkiske
violasboutiqe
på Etsy. Klikk på bileta så kjem du dit.
I found some lovley crocheted hearts at etsy today. They seem easy to make (although I haven't tried myself yet). Start now and you'll hav a couple of dusins to spread on the bed cover on the 14th of Feb.

fredag 7. januar 2011

På glid

Romjula baud på fantastiske dagar - både for avslapping og kos, men også for litt aktivitet. Snjoen kom og la seg som eit bomullsteppe over isen i heimbygda mi, og eg var førstemann utpå! Det var ikkje så lenge sola kikka oppom i skaret, men det var eit saliggjerande gjensyn! Der eg bur til vanleg, kjem ikkje sola over fjellryggen før eit stykke uti februar.