onsdag 4. august 2010

Boka om Little Bee

“Most days I wish I was a British pound coin instead of an African girl.”
Eg har nyleg lest ei nydeleg bok som eg verkeleg kan anbefale. US-versjonen av boka (avbilda) heiter Little Bee, medan UK-versjonen som eg las, vert kalla

Uansett kva versjon du velger er historia som sakte men sikkert brettar seg ut, heilt fantastisk! Forteljinga er både utruleg, rørande og morosam, og vert fortald på ein særskild og uvanleg måte.

Fyrste kapittel kan lesast på nettsida til forfattaren Chris Cleave. Der kan du også sjå eit videoklipp der Cleave forteljer kort kva boka handlar om.

Eg las boka på engelsk og veit eigentleg ikkje om den er omsett til (ny)norsk, men eg kjøpte boka på Voss og reknar med den skal vera grei å få fat i hjå både små og store bokhandlarar. Eventuelt kan du jo bestelle den på www.capris.no - rask og rimeleg nettbokhandel som sender fraktfritt om du kjøper for meir enn kr 199,-!

I recently read the most lovley novel called The Other Hand (UK-version). Visit the author Chris Cleave's website and read the first chapter. This is a unbelievable, moving and higly amusing story, told in an extraordinary voice! Highly recommended!

mandag 26. juli 2010

Blogglotteri hjå eingulknapp

Eg laut visst "back to blogging" og bryte bloggepausa for å hive meg med på
ein gul knapp
sitt

Guro skriv at ho "har laga ein premie med litt smågodt for dei syinteresserte".
Enkelte sjansar kan ein berre ikkje late gå frå seg her i livet!

Ein pause...

Eg har hatt - og kjem til å ha - ein pause frå blogging og pc.
Sommaren er kort og MÅ nytast for alt den er verdt!
Kos deg med dette fantastiske biletet so lenge!
Og har du tid, råd og lyst,
bestell deg eit par kule kloggar frå

fredag 9. juli 2010

Nyt livet på Evanger!



Dei flinke og driftige damene på
bruktbutikken Patina på Evanger
(15 minutt frå Voss mot Bergen),
har no også opna kafè! Delar av butikklokalet i fyrste etasje er gjort om, og kafègjestane kan nyte god mat og drikke i eit landleg, men urbant, miljø. Bord og stolar er gamle og slitte- men malt i glade fargar gjev dei sjel og atmosfære til lokalet. Eg elskar slike stader! Dei gjev meg assosiasjonar til sommar og sol, late dagar og det glade gateliv i København.
Reis til Evanger og nyt livet!

tirsdag 29. juni 2010

Kunst og handverk i Risør

arrangert 8-10. juli.
Eg har planar om å stikke av frå siste del av slåtten her på garden og få med meg den store hendinga. Ei kusine av meg har vist så utruleg mange fine ting ho har kjøpt på denne marknaden, og no klarer eg berre ikkje halde meg vekke lenger...
Pilfletting er eit godt, gamalt handverk og eg har veldig lyst på ei korg til å ha spøtet i. (Hihi - og eg som ikkje strikkar i det heile teke...) Berre det å vandre rundt i vakre Risør og sjå kunst og handverk i all slags fargar, former og materialer verkar som
A Dream Come True.
Glade fjes og blaute konsonantar er heller inga ulempe!

fredag 18. juni 2010

Stearinljos med pynt

Veldig, veldig enkelt å lage - og veldig, veldig koseleg!
1 stk stearinljos
1 stk etikketmaskin frå Dymo
og nokre gode ord
er alt som skal til!


torsdag 10. juni 2010

Mjølk fjernar flekkar!

Gløym flekkfjernarar med slemme kjemikaliar!

Dersom du får bærflekkar på kleda er faktisk mjølk eit effektivt flekkfjerningsmiddel.
Eg var på besøk hjå tanteungane mine her ein dag. Då 10-åringen trong hjelp til å få den heimelaga saftisen opp av forma, endte det med at eg fekk blåbærflekkar over (nesten) heile meg! På dokumetarprogrammet Tilbake til viktoriatiden på NRK såg eg for ei tid tilbake at Ruth fjerna bærflekkar med mjølk - og dette måtte sjølvsagt prøvast ut. Eg la derfor gensaren min oppi ei skål med mjølk over natta, og utruleg nok: Neste morgon var flekkane forsvunne som dogg for sola! Og det heilt naturleg!