tirsdag 25. mai 2010

Nostalgi i krokane

Sjølv om oppussing og oppdatering av huset går noko seint i desse dagar, prøver eg likevel å omgje meg med trivelege ting. (Med verdas mest upraktiske kjøkkenløysing og slitent golvbelegg frå 70-talet i heile huset er det diverre begrensa kor koseleg det vert, men ein må jo prøve...) Oppå kjøleskåpet (også slitent og frå 70-talet!) plasserer eg tidvis nokre av skattane mine.

Akkurat no er eg i det nostalgiske hjørnet og bunadsjentene på askjetten frå Figgjo, den 50-tals kakeboksen og dropsboksen frå Erle Drops har fått kome fram i ljoset.

Eg trur dei likar seg der!

søndag 23. mai 2010

Snart...

... kan sommaren nytast i hagen.
Då skal eg kose meg med ei kjekk bok
og ei skål med nesten tina bjørnebær med vaniljekesam på.
Mmmm - det er deilig, det!

Me må berre
planere plenen utanfor huset fyrst,
og så gras,
og jage sauene til fjells,
og få slåtten overstått,
og male huset (- igjen!),
og...,
og...

torsdag 13. mai 2010

Ein Gul Knapp har blogglotteri!

Ein Gul Knapp feirer 20. 000 besøkande,
og har laga denne glade puta som kan verte di (eller mi!).
Samstundes lanserast det fornorska omgrepet for
give away:
blogglotteri!
Fantastisk, eller kva?

tirsdag 11. mai 2010

Frå blanke messingen til lilla lekkerbisken

Forandring fryder!
Nedanfor er før-bilete av lampen
Endeleg - to veker på etterskot kjem bileta av den gamle messinglampen si nye drakt. Den vart då ikkje så verst? Skjermen fann eg på loppermarknad på Sjold. Ein annan lampe, også funne på loppis, vart også lakka. Denne er førebels skjermlaus og må vente litt med å vise seg fram.
Framgangsmåte:
Eg pussa lampane med fint sandpapir (120), vaska dei og maskerte leidningen. Deretter lakka eg over med spray. Trur den heiter Quicklakk. Etter eit døgns tørking kan herlegheita takast i bruk. Men merk at det kan vera naudsynt å spraye fleire gongar for å få det til å dekkje heilt.

Slik såg lampen ut då eg fann den nederst, innerst, bakerst i eit skap.
Eit par spraystrøk var alt som skulle til!

fredag 30. april 2010

Loppefunn

Sist helg hadde eg ein herleg tur til min kjære og etterlengta "heimby", Bergen. *hjartesukk* Den bergenske jovialitet og charme er verkeleg saknaleg etter ei viss tids fråver!

Eg fekk med meg heile TRE loppemarknader på EIN dag, og nokre små skattar vart sjølvsagt med heim. Nokre av dei må berabeidast litt, medan andre er klare for manesjen med det same. Her er noko av fangsten:
Ei kulerame er ein fargeglad ting som er kjekk å ha!

Ei litt bestemoraktig blomepotte vart sett rett i vinduskarmen.

Fata frå min yndlingssteintyprodusent, Figgjo, skal verte fine delar i eit etasjefat. Det trur eg også dei små drammeglasa kjem til å ende opp som!
Og endeleg fekk eg tak i gafflar med laaange tinnar! Desse skal få selskap av nokre glaskuler og ende opp som ein uro i gangen. Den skal henge slik at når nokon kjem på besøk, klingar det i den. Pling - pling - pling!
Føl med så får du sjå resultatet.
No er forøvring den lampa i tidlegare innlegg snart ferdig. Resultat kjem etter helga. No reiser eg på helgetur og legg pc og blogg på hylla for nokre dagar.
So long,
og god helg!

mandag 26. april 2010

Give away hjå AnnaJohanna


Eg kom nett over ein skjønn blogg som har give away på ei valfri kaffi- eller tekanne frå Rice. Eg har leita etter slik ei kanne i lengre tid og kom tilfeldigvis over bloggen til systrene Anna og Johanna.

O' lukke for ein skjønn blogg!

Dersom eg ikkje vert den heldige vinnar, skal eg kjøpe meg ei kanne i nettbutikken deira. Og så kan det jo hende ein del andre ting føl med i bestillinga samstundes.Tji-hi!

O' lukke, kor mykje fint dei har i butikken sin!

torsdag 22. april 2010

Vårfunn

Innimellom travle dagar på høgskulen på Notodden i fjor, tok eg eit par turar på besøk til morsslekta mi i Kragerø. Der kamperte eg på familiehytta - eit bittelite krypinn med den spesielle hyttelukta, alltid litt fuktige sengeklede den fyrste natta og, sjølvsagt, utedo. Det er merkeleg nok sjeldan å finne musespor inne i hytta, men på utedoen hadde det tydelegvis vore
eit aldri so lite teselskap.