fredag 9. april 2010

Lopper i blodet?

Bilete over er frå Notting Hill i London der det er marknader året rundt. Sukk...
Eg har kjent det ei lita stund no.
Det plar verta slik eit stykke uti mars når snøen fer.
Blodet pumpar litt fortare og det kriblar i fingrane.
Loppene
er på veg!
Forbruk møter gjenbruk
og folk tør seg ut om døra
og møter folk dei ikkje har sett på ein heil vinter.
Det vert handel og prat om mykje moro når loppemarknadene endeleg opnar dørene att!


Som bebuar i eit gamalt hus eg enno ikkje har saumfart frå loft til kjellar, er eg så heldig å enno finne vekkgøymde og gløymde skattar.

Denne lampefoten dukka opp i sist veke og er no i ferd med å kome fram i og med ljoset igjen! Eg har planar om å lage eit par av den og den skjønne lampettskjermen som står ved sida av.

Føl med så får du sjå forvandlinga!

Men enn so lenge: RIKTIG GOD HELG!

Slik gjer me det på landet

For eit månader sidan brukte svigers heile helga på å lage "heimakorv". Dette er vestlandsk tradisjonsmat på sitt beste - nesten på høgde med smalahåve.

I utgangspunktet må ein korv trekkje bortimot ein time før servering, men for å spare tid på travle dagar prøver me no å førehandstrekkje korven slik at den vert omlag som kjøpekorv å tilberede. Berre ein hugsar å ta den ut av frysen om morgonen (!!!) , skal den herlegheita vera klar etter 15 minutt under lok. Med pote' og kålrabe'stappa attåt er dette suuupergod bondekost!

mandag 29. mars 2010

Gul ynde

Siste veka har eg vore på tur til England med undgomskule-elevane på skulen eg arbeider på, og dagane har vore fyllt til randen av all slags artige aktivitetar, god mat og mengder av latter. Det har vore ein fantasktisk flott tur med ein gjeng flotte ungdommar!

Og dersom nokon skulle vera reiseslystne: York er verkeleg å anbefale på denne tida av året! Veret er stort sett bra (langt meir vårleg enn på heimlege trakter), dei fleste overnattingsstader gjev off peak season-rabattar og det er ikkje kø på attraksjonane. Men viktigast av alt: Påskeliljene står i kø i kvar ein skrent for å vise kor vakre dei er.

GOD PÅSKE!

lørdag 20. mars 2010

"Heim" til herlege York!

Home, sweet home!
Av herlege små byar her i verda, som eg kjem til å reise attende, attende og attende til, er York i North Yorkshire, England, sikra ein plass på topp-tre lista mi. Det at eg har budd og studert der i eit halvt år og verkeleg har opplevd kulturen, og menneska som skaper den, er utvileleg med på å gjere at denne vesle byen føles genuint som a second home.

Eg gler meg stort til å vandre rundt i dei trange gatene; ta ein kikk innom skobutikken i Gillygate, den skjønne leikebutikken i Little Swinegate - og sjølvsagt ta ein runde på stampuben i Goodramgate, The Habit!
Sjølv på gråversdagar er York vakker. Den romerske bymuren ligg som alltid beskyttande rundt bykjerna og tårna på the Minster like majestetisk, uansett ver.
Og ikkje minst - ein tur innom York St. John University må det berre bli. Med eigne skulegartnarar som vedlikeheldt nirklande stiar med lavendel i kanten, bugnande blomebed og magnoliabuskar, er det kanskje ikkje så rart at ein kan trivast som student i York...

Håpar forresten der ligg eit stykke rykande fersk Chocolate Fudge Cake som ligg og ventar på meg i kantina... Mmmm!

tirsdag 16. mars 2010

Kveldsstemning

Ja, slik går no dagan medan me ventar på våren...
Kvar dag traskar bonden i floren.
Og kvar dag vil katten vera med.
Det er nemlig mykje mus der borte i floren.
Problemet er berre at snjoen er så spøkje kaldt for små puselankar!
Men pusen veit råd.
Kva er vel betre enn å hoppe opp på høge oksler,
og få "haik" nesten to meter over det kalde teppet på bakken?

fredag 5. mars 2010

Grønt er skjønt!

Dersom du er er interessert i å finne "grøne løysingar" til bruk i kvardagen, er nettsida gronnhverdag.no er verdt ein titt!

Her finn du nyttige miljøtips, testresultat og lenker til andre nettsider som tek miljø på alvor. Eg har brukt sida til å finne ut om helse- og miljøbelastande kosmetikk, miljøvenleg maling og kvar eg kan finne loppemarknader. Grønnhverdag har også ei eiga Økoshop . I denne nettbutikken finn du forbruksvarer og hjelpemiddel som er anten økologisk eller fair trade-produsert - eller begge delar.

Ha ei retteleg grøn helg, alle saman!

tirsdag 2. mars 2010

Porselen i slekt med geriljabrodering?

hver dag er en fest og jeg er et jævla smykke

Dette er skåler eg laga i fordjupingsperioden då eg studerte keramikk på Notodden for eit år sidan. Då eg såg dette innslaget på NRK1 for ei tid tilbake, måtte eg dra litt på smilebandet. Eg trur kanskje skålene mine hadde trivest godt i ei stove saman med ei pute med Heim jævla heim, eller eit bilete som proklamerer Lukkeleg for faen.
Av ein eller anna grunn skreiv eg på bokmål på skålene mine - eg veit ikkje kvifor, men likar det ikkje. Neste gong kjem påskrifta på nynorsk. EG LOVAR!