onsdag 23. februar 2011

Lukkeleg?


...kan vera so mangt!


Eit fint ord,
på ein solskinndag
gjer meg lukkeleg.

Ein klem
frå ein god ven
gjer meg lukkeleg.

Og så gjer DR sin superdupre
depressjonskomedie meg lukkeleg.
Prøv du også:
Ni av ti episodar ligg no tilgjengelege på nett.
Filma i herlege København
med eit fantastisk cast!
N y t!

fredag 18. februar 2011

Prosjekt Bad: Gamle spor

Bak gamle huntonittplater og og baderomspanel dukka det opp ei lita handleliste frå svunne tider:
Stor huntonitt,
glasvatt og
glatt pløgd
vart tydelegvis handla inn då det gamle kammerset vart gjort om til bad ein gong på 50-talet. Sjølv om det meste tek laaang tid når ein driv og vølar på gamle hus, så er det veldig kjekt når slike små funn dukkar opp!

Tømmerveggen kjem til å verta bakvegg i garderobeområdet, og eg lurte på om det kunne vera greit å ha den i same farge som sideveggane. (Som originalt nok er malt i egghvit...) Men det slo eg raskt frå meg og tømmeret er no malt med ein farge som er nesten heilt lik på den grøn-turkise fargen som var der frå før.

Og handlelista har eg malt rundt og ikkje over. Gamle spor må vernast om!

fredag 11. februar 2011

Den gamle gyngestolen

Sjølv om huset eg bur i er eit gamalt tømmerhus frå 1850, er det diverre ikkje så mange gamle ting igjen her. Nokre sofaer frå 50 - og 60-talet, steintøy og kjekke bileter er her jo, men arveoppgjer og anna har gjort at ein kan telje på ei (eller kanskje to) hand dei verkeleg gamle godsakene som er att. Men ein ting er her, heldigvis:

den gamle gyngestolen

Han er litt skadd i den eine meia så han toler ikkje dagleg bruk, men planen er å få vølt skaden.

God helg!