torsdag 28. oktober 2010

Torsdagspannekaker


Pannekaker
av røre
laga av økologiske egg
vispa saman
med ein gamal visp
oppi
ein Margrete-bolle
på ein torsdag,

det er,
i allefall for meg,
ekte lukke.

mandag 25. oktober 2010

Om frosne tær og ting som tek tid

Biletet er frå weheartit

Og so vart det kaldt
Akkurat no når me pussar opp badet
Og me må gå ned i kjellaren for å gå på badet
På kjellarsbadet som vart laga på 50-talet ein gong
Og som det ikkje er innvendig trapp til
Så me lyt altså ut, ned trappa og inn i kjellaren
For å finne eit spartansk bad med dusj og do
Og ein liten dusjkrok
Og ein vask med to kraner
Der den varme krana må skruast opp og opp og opp
Fordi trykket svinn hen etter 5 sekund
Uansett
Og der den kalde krana driv og drypp
Heile tida
Slik at det vert stygge merker i vasken
Som må skrubbast vekk kvar fjerde dag
Og fordi det ikkje er varme i golvet der nede på kjellarsbadet
Kjem ein alltid opp igjen frå endt visitt
Med isfrosne tåtillar

onsdag 20. oktober 2010

Silence please! Det er blogglotteri hjå Avdelingen!

Likar du idèen om ein (i allefall nesten)
musestille støvsugar
som er fin både i farge og form,
og attpå til har fjernkontroll på handtaket
slik at du slepp å bøye deg for å slå den av og på?
Den snasne bloggen Avdelingen har
blogglotteri på modellen
Snakk om flott premie!

lørdag 9. oktober 2010

Haust


Hausten er her, og det er endeleg også haustferien!
Og utruleg nok vermeldinga framover er svært lovande.
Om du skal plukke poteter, slappe av
eller om du er av dei som diverre ikkje har ferie:

-PLUKK EIN BLOM OG NYT FINVERET!

Sjølv skal eg "heim" til York, England.
Eg kryssar fingane for suksessfull shopping
og kanskje eit loppefunn eller to.
Å lukke!