onsdag 29. september 2010

Hjerte - smerte

Om du som meg tykkjer hausten er ei smerteleg årstid,
litt for melankolsk, våt og kald,
så kanskje du også kan finne glede i å lage ein liten hjertekrans av rognebær.
Fin som ein liten velkomst ved inngangen,
på døra, eller kvifor ikkje
- spar den til juletreet!
Det einaste du treng er litt streng og ein neve med bær.
Når du har tredd bæra på strengen,
former du kransen som du ynskjer.

søndag 12. september 2010

Ein liten forelskelse...


Fins det noko vakrare vedomn enn dette?
Eg tvilar.
Denne omnen var avbilda i siste nummer av Rom 123,
og eg fall pladask!
Eg som nett hadde bestemt meg for å invistere i
klassikaren Jøtul 118.
Åkk òg!
Inga avgjerdsle er teken, men det kan nok hende dette vert ein av dei evigvarande avstandsforelskelsane.
Som all kjærleik har også denne sin pris,
nærare bestemt 26 000,- svenske kroner.
Men sukk, so skjønn, so skjønn!
Have you ever come across a more beautiful wood burning stove?
I was just ready to buy a new Jøtul 118 when I found this in a magazine.
But like any true love this also has its price,
26 000,- Swedish kroner.