fredag 30. april 2010

Loppefunn

Sist helg hadde eg ein herleg tur til min kjære og etterlengta "heimby", Bergen. *hjartesukk* Den bergenske jovialitet og charme er verkeleg saknaleg etter ei viss tids fråver!

Eg fekk med meg heile TRE loppemarknader på EIN dag, og nokre små skattar vart sjølvsagt med heim. Nokre av dei må berabeidast litt, medan andre er klare for manesjen med det same. Her er noko av fangsten:
Ei kulerame er ein fargeglad ting som er kjekk å ha!

Ei litt bestemoraktig blomepotte vart sett rett i vinduskarmen.

Fata frå min yndlingssteintyprodusent, Figgjo, skal verte fine delar i eit etasjefat. Det trur eg også dei små drammeglasa kjem til å ende opp som!
Og endeleg fekk eg tak i gafflar med laaange tinnar! Desse skal få selskap av nokre glaskuler og ende opp som ein uro i gangen. Den skal henge slik at når nokon kjem på besøk, klingar det i den. Pling - pling - pling!
Føl med så får du sjå resultatet.
No er forøvring den lampa i tidlegare innlegg snart ferdig. Resultat kjem etter helga. No reiser eg på helgetur og legg pc og blogg på hylla for nokre dagar.
So long,
og god helg!

mandag 26. april 2010

Give away hjå AnnaJohanna


Eg kom nett over ein skjønn blogg som har give away på ei valfri kaffi- eller tekanne frå Rice. Eg har leita etter slik ei kanne i lengre tid og kom tilfeldigvis over bloggen til systrene Anna og Johanna.

O' lukke for ein skjønn blogg!

Dersom eg ikkje vert den heldige vinnar, skal eg kjøpe meg ei kanne i nettbutikken deira. Og så kan det jo hende ein del andre ting føl med i bestillinga samstundes.Tji-hi!

O' lukke, kor mykje fint dei har i butikken sin!

torsdag 22. april 2010

Vårfunn

Innimellom travle dagar på høgskulen på Notodden i fjor, tok eg eit par turar på besøk til morsslekta mi i Kragerø. Der kamperte eg på familiehytta - eit bittelite krypinn med den spesielle hyttelukta, alltid litt fuktige sengeklede den fyrste natta og, sjølvsagt, utedo. Det er merkeleg nok sjeldan å finne musespor inne i hytta, men på utedoen hadde det tydelegvis vore
eit aldri so lite teselskap.

fredag 9. april 2010

Lopper i blodet?

Bilete over er frå Notting Hill i London der det er marknader året rundt. Sukk...
Eg har kjent det ei lita stund no.
Det plar verta slik eit stykke uti mars når snøen fer.
Blodet pumpar litt fortare og det kriblar i fingrane.
Loppene
er på veg!
Forbruk møter gjenbruk
og folk tør seg ut om døra
og møter folk dei ikkje har sett på ein heil vinter.
Det vert handel og prat om mykje moro når loppemarknadene endeleg opnar dørene att!


Som bebuar i eit gamalt hus eg enno ikkje har saumfart frå loft til kjellar, er eg så heldig å enno finne vekkgøymde og gløymde skattar.

Denne lampefoten dukka opp i sist veke og er no i ferd med å kome fram i og med ljoset igjen! Eg har planar om å lage eit par av den og den skjønne lampettskjermen som står ved sida av.

Føl med så får du sjå forvandlinga!

Men enn so lenge: RIKTIG GOD HELG!

Slik gjer me det på landet

For eit månader sidan brukte svigers heile helga på å lage "heimakorv". Dette er vestlandsk tradisjonsmat på sitt beste - nesten på høgde med smalahåve.

I utgangspunktet må ein korv trekkje bortimot ein time før servering, men for å spare tid på travle dagar prøver me no å førehandstrekkje korven slik at den vert omlag som kjøpekorv å tilberede. Berre ein hugsar å ta den ut av frysen om morgonen (!!!) , skal den herlegheita vera klar etter 15 minutt under lok. Med pote' og kålrabe'stappa attåt er dette suuupergod bondekost!