fredag 29. januar 2010

Og så til MEG...

Med forkjølingsbasseluskar i alle kroppslege krokar har eg hatt ein liten pause frå nettlege aktivitetar den siste veka. Hosting og nysing på skjerm og tastatur er ikkje noko særleg.

Men i dag tusla eg meg innom bloggeland att for å sjå om det var skjedd noko spennande. Og gjett om det var!

No er eg ikkje særleg bevandra når det gjeld bloggetermer, men dette var det ikkje så vanskeleg å forstå seg på.

Dei kjekke Patinadamene på Evanger hadde sendt meg denne awarden (lat oss kalle det utmerking), med fylgjande oppfordring: Fortel sju interessante fakta om deg sjølv. Her kjem dei:

1. Eg kan Welhaven sitt 13 vers lange dikt "Råd for uråd" på rams.
2. Eg har ete haggis i ein liten landsby i Skottland.
3. Eg har hatt to kattar med dei fyndige namna "Augetassen" og "Snurrebassen".
4. Eg har lyst på alpakka (strengt teke ikkje fakta, men la gå!).
5. Eg har nyleg lært meg å hekle.
6. Eg trur på nissar (dei må jo vera der ute ein stad!).
7. Eg kan plystre med overleppa og tunga i krøll.
Eg sender no utmerkinga vidare til sju andre bloggarar:
Reglane for denne utmerkinga er:
1. Kopier awarden på bloggen din
2. Link til personen som ga deg awarden
3. Fortell 7 interessante fakta om deg selv
4. Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til
5. Link til deres blogger
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres, så de får vite om awarden

torsdag 21. januar 2010

Framleis like gode


Ikkje like varme, men framleis saftige og fine.
Muffinsane frå
tysdagsfest for to
tidlegare denne veka held stand,
og vart i dag kaffimat attpå middagen.
Nam-nam!

onsdag 20. januar 2010

Tysdagsfest for to (Kvifor vente heilt til helga?)

I går kom endeleg sendinga frå capris.no i posten. Eg hadde bestilt ein liten gjeng kjekke bøker om saum og slikt, samt ei bok som heiter Sjarmerende gjenbruk. I denne stod det oppskrift på muffins, og søthungrig som ein stundom kan vera, vart freistinga stor...

Problemet var berre at eg ikkje er nokon dreven muffinsmakar og dermed ikkje hadde dei naudsynte papirformene i hus.

Åkk, gode råd er i slike stunder dyre!

I boka stod det forslag om å servere muffinsane i gamle, fine koppar. Og det var jo ein god idè. Men eg som stod utan former, og også i fare for å vera utan søte, gode, varme og passeleg klistrete muffins å servere i koppane, heilt til det slo meg: Koppane er då keramiske og har vore utsett for høg varme før. Skulle det då ikkje gå fint å steikje muffinsane direkte i koppane?



Som tenkt, så gjort. Koppane (ikkje dei finaste eg hadde då eg ikkje visste heilt sikkert at teorien haldt vatn) vart spraya med formfett for å hindre fastbrenning, fyllt med deig, og sett til steiking på 175 grader. Smør og sukker vart fyrst vispa kvitt i miksar før egg (eitt og eitt) og resten vart tilsett. Der det i oppskrifta står appelsinjuice bytte eg dette ut med tre-fire spiseskeier blåbærsyltetøy. Det gjekk heilt fint og vart veldig godt!


40 minutt etterpå kom muffinsane ut av ovnen (dei trong lengre tid enn vanleg grunna mykje deig i kvar kopp). Etter avkjøling fekk muffinsane eit strok med melis og eggjekvite over seg, samt ein liten Nonstop-knapp for fargen sin skuld...
Det var kjekt å ete rett ut av varme koppar.
Tysdagsfesten vart ei super suksess - neste gong vert det fleire enn to som får smake!

fredag 15. januar 2010

Ljos i sikte

Eg har no flytta frå heimbygda ved fjorden opp til ein gard 400 meter over havet og veit at våren her truleg kjem minst ein månad seinare enn det eg er van med. SKREKK OG GRU! For ein solhungrig vårnytar som meg teiknar det til tøffe tak dei neste månadane.

Men også vestlandske fjordarmar har fått rikeleg med snjo så langt i vinter. Nausta står tynnkledde og skjelv medan båtane ligg i fjøra og frys på kjølen.

Om ikkje lenge kjem sola klatrande over fjellkanten i fjordbygda, medan me i fjellet må vente eit par veker lenger. Uansett - det går mot ljosare tider og berre tanken på det varmar aldri so lite.
God helg!


mandag 11. januar 2010

Villvinmarknad i Risør 2010

Årets Villvinmarknad i Risør vert arrangert 8-10. juli,
og eit av mine (heller beskjedne) nyttårsforset er å få med meg denne markaden i år.
Byen Risør er i seg sjølv vel verdt eit besøk, har eg haurt, og å kombinere turen dit med høve til å snuse og snoke blant kunsthandverk frå fjern og nær, gler eg meg verkeleg til!
Keramikk er alltid kjekt å finne. Og kan hende det går an å luske til seg ein idè eller to...
Det er også moro å finne ting ein ikkje heilt skjønar kva er. På bilete var det i allefall ikkje lett å finne ut kva desse damene skal brukast til - men flotte er dei i allefall!

Og så fletta pil! Ei skikkeleg handlaga korg eller krukke av pil (ikkje frå IKEA) står høgt på ynskjelista. Den treng ikkje vera så stor. Berre stor nok til å passe på badet? Eller som eggjakorg på kjøkkenet...

Eg er verkeleg spikka nødt til å kome meg til Risør i juli.
Slik er det berre!

fredag 8. januar 2010

Kvardag er også kos

No skulle eg ynskje eg hadde like fin pysjamas som Vibeke (som har lånt meg det fine biletet over). Då skulle eg ha tusla rundt på barfoten og kjent mjukheita av nyvaska golv stryke under føtene. For det er noko av det eg likar best ved nyvaska golv, dei vert så mjuke og gode å gå på!

Julefeiren var herleg bedageleg, særleg når det kom til reingjering og husarbeid. No har eg faktisk ikkje feia golvene sidan i fjor. Då eg tidlegare i dag traff ein velfødd hybelhare i stova, fann eg ut at nok får vera nok! Støvsugar, kost og fille laut fram i ein fei. Og ein god halvtime etterpå - Ahhh, dufta av nyvaska golv!
I've been rather lazy with the broom lately. Actually I've not been cleaning the floors since last year! (I know, that's a cheap joke these days...) When meeting a full-grown dust ball in our livingroom recently I thought that enough is enough and went crazy with the cloth. If I were the lucky owner of a nice pyjamas, like Vibeke who kindly lent me the photo above, I would be wandering around barefoot to feel the softness of the clean floors. But I don't, and will have to settle with the lovely smell - which is not a bad swop at all!

søndag 3. januar 2010

Så var det å sparke seg i gang...

Det nye året ligg klart for spark og sprell. Bokstaveleg tala. For eg fekk nemlig spark til jul! (Dette billege ordkløyveriet MÅTTE eg berre benytte meg av.)

Juhuuu! Min kjekke kjære hadde skrudd den i saman på førehand og førte meg ned i kjellaren for å vise ei overrasking. Og eg vart verkeleg overraska! Og veldig, veldig glad! Og måtte ut på prøvetur med ein gong!

Då dei fornøyelege niesene mine var på overnattingsbesøk i romjula vart sparken flittig brukt, sjølv når gradestokken viste minus 20! Eg gler meg til å bruke den att og fram på jobb (ikkje bli imponert, det er berre 300 meter) og har allereie planlagt å få tak i korg til å ha på styret. Fletta korg skal det vera, må vite.

For ein sparkar då i gong det nye året med STIL, gjer ein ikkje!?!