søndag 29. november 2009

Kvitt i kvitt

Dei fyrste snjofillene fillene dalar no ned ute og dekkjer bakkar, tre og lier med kvit jolestemning. (Biletet er lånt av Moa.)

Stemninga er ikkje så verst innadørs heller. Eg gjer så godt eg kan og føl naturens eksempel ved å dekkje den gulna panelen med grunning og kvitmåling!

Ha ein fin fyrste sondag i advent!

onsdag 25. november 2009

Kreativ kakebakst

Kjøkkenet mitt er diverre ikkje like lekkert som dei fleste andre sitt. Med sliten linoleum frå midten av 70-talet og ei usedvanleg dårleg plan øysing, nesten ikkje arbeidsbenkar og det meste av kjøkkenutstyret framleis nedpakka i flyttekassar er det ikkje så ofte eg set i gong med kulinariske prosjekt, men her om dagen vart trangen etter eit stykke med tung, mørk og saftig Brownies heilt uoverkommeleg.

Kokken måtte tenkje seg litt om etter alternativ arbeidsbenk, men fann løysinga ganske kjapt (sjå bilete).

Eg har tilpassa oppskrifta som står i Freia 70% Kokesjokolade litegrann etter eigne ynskje. Den oppgraderte browniesoppskrifta går som følgjer:

100 gr FREIA Kokesjokolade 70%
250 gr sukker
200 gr smør
2 egg
2 ts vaniljesukker
100 gr kveitemjøl
2 ss mørk kakao
150 gr valnøtter

Brekk opp sjokoladen og ha den i ei gryte. Lat den smelte på SVAK varme. Rør smør og sukker kvitt. Tilset egg. Ha i mjøl, vaniljesukker, smalta sjokolade og hakka valnøtter. Hell røra i ei lita langpanne (20x30 cm), evnt. i ei rund kake form, med bakepapir i botnen. Steik ved 170 grader i omlag 30 minutt. Kjøl av før oppskjæring.

Brownies'en bør nyyyyytast attåt ein god kopp kaffi!

torsdag 19. november 2009

Keramiske minner

Det er no eit heilt halvt år sidan eg tok i fersk leire, og det er på tide å minnast dei gode tider:
Dreiing i proselen: Maskina summar, leira surklar og radioen står på fullt. Konsentrasjonen er på topp og planen klar!

Rakubrenning: Flammar, røyk og ferdig brent produkt på under 30 minutt.

Fellesskap: Gode vener og seine kveldar med mykje latter!


...THOSE WERE THE DAYS...

fredag 13. november 2009

Helg og handletur

Pedagogen har no latt helgefreden og skuldrene senke seg i takt, og tenkjer leggje ut på førjulshandletur til Bergen by i morgon. Med fir timar å køyre att og fram til byen er, gjeld det å byrje tidleg på julehandelen. I allefall om ein skal finne noko som ein verkeleg trur fell i smak hjå mottakaren. For meg er det veldig viktig å unngå å gje gåver berre for å gje gåver... Eg vil verkeleg meine det når eg gjev nokon noko!
I våre dagar er det ikkje noko problem å sitje heime i sofaen å handle. (Tenk om ein hadde fortalt det til nokon for 30 år sidan. Faren er stor for at ein hadde blitt bura inne på flekken!)

I denne samanheng (sofahandling, ikkje inneburing) har eg ein absolutt favoritt når det gjeld artiklar til hus og heim. Den danske nettstaden http://www.nordhjem.dk/ er fantastisk både når det gjeld utval og prisar. Det einaste som trekkjer ned er frakta på 350,- (danske kroner), men om ein handlar stort eller kjøper ting saman med venninner går det jo riktig så greit likevel.


No når advent er like om hjørnet er det greit å få kalendergåvene på plass, og Nordhjem hjelper gladeleg den travle husmor også med tips slike innkjøp. På denne sida finn ein kalendergåver sortert etter pris slik at hovudbryet med desse er over på no time! Hjå Nordhjem finn ein saker og ting frå mellom anna Rice, House Doctor, Green Gate - ofte til svært gode prisar!

Kvifor ikkje unngå det glorete nissepapiret (skrekk og gru!) og leggje gåver med friske fargar under treet i år? Og ein rutete hatt til syltetøyglaset er ikkje så dumt det heller?Eller eit knippe gamledagse treklyper til tørkesnora?

No det berre å surfe i veg og vips - så er handelen gjort! Men eg gler meg til bytur i morgon likevel, eg. Det er ikkje særleg mange koselege kafear på nett. Nemlig!

torsdag 12. november 2009

Brrrrrr!

Det er verkeleg kaldt om dagen. Det har vore nydeleg fint ver i lengre tid no, men etter at sola ikkje lenger kom seg over fjelltoppen for å forbarme og varme oss som bur i dalen, med sol, har temperaturen krype lenger og lenger ned på gradestokken. I skrivande stund er det - 7 grader Celsius. Dette bilete er teke for ei vekes tid sidan, og no er det enno meir kvitt på bøen.

Trøsta er at kulde = vinter = JUUUUUL!
Og jul = FERIE for ein stakkars lærar med over 50 arbeidtimar kvar veke... Ganske utruleg eigentleg. Då eg signerte meg opp som lærar i haust ante eg ikkje at å undervise 19 elevar fordelt på 6-10. trinn skulle ta så mykje tid. Eller krefter. Elevane er kjekke og greie, dei, men å heile tida undervise tre trinn i eit rom ER verkeleg utfordrande. Det betyr at ein må ha to-tre undervisingsopplegg per time i staden for eitt, og ein må ha minst like mange mentale filer oppe til ei kvar tid. Eg er i allefall temmeleg sliten etter 10-12 timars arbeidsdag. Ikkje rart det er blitt lite husvøling so langt i haust, kanskje... (Dette var berre eit lite hjartesukk - negative tankar skal ikkje førekomme så ofte her på bloggen, men det var godt å få det ut!!!)

tirsdag 10. november 2009

Dandere, sortere, kategorisere...

Ja, me sorterer vel oppvasken vår, gjer me ikkje?

Eg fekk ein aldri så liten skrå kommentar av ei venninne som var innom og fekk sjå oppvasken stå til tørk. Me har enno ikkje få oppgradert kjøkkenet og oppvaskmaskin er ikkje installert, dermed må me (EG) vaske opp på den gode gamle måten. Om det ikkje akkurat vert gjort med yrande glede, vert det i allefall gjort med eit snev av estetikk i blikket.

Ein dandert, sortert og kategorisert oppvaske tek seg absolutt betre ut enn ein som ikkje er det!

lørdag 7. november 2009

Smeg-kampanje!


På tidleg nittital (trur eg) såg eg filmen The Outsiders. Eg hadde lest boka på førehand, og var heilt oppslukt av historia om dei tre foreldrelause brørne. Historia vart ikkje mindre oppslukande på film, truleg særleg sidan Matt Dillon, Patrick Swayze, Emilio Estevez, og ikkje minst Ralph Macchio (jepp, Karate Kid!) var med i ein og same film! I ein scene frå kjøkkenet til dei tre foreldrelause brørne stod det eit særdeles kult kjøleskåp. (I ordets rette forstand, får me tru. Orsak! Billeg poeng!) Dette var sjølvsagt, då handlinga i filmen var lagt til USA og 50-talet, eit amerikansk 50-talskjøleskåp. Og her nærmar me oss kjerna av dette innlegget...
Eg fall om mogeleg enno meir pladask for kjøleskåpet enn for dei snasne brørne, men tenkte der eg sat, 14 år og med runde studentbriller, at "Hmmm - 50-talet, det er lenge sidan, det" og "Hmmm - USA, det er jammen langt vekke", ERGO "Hmmm - eit amerikansk 50-talskjøleskåp er nok heilt umogeleg å få tak i!" Og så slo eg meg til ro med det. Heilt til eg ein del år seinare, heilt tilfeldig, skimta eit Smeg-kjøleskåp bakerst i kjøkkenet på eit bilete i eit interiørmagasin. Og merkenamnet var endåtil teke med i bilet-teksten. Å, lukke for ein dag!


Og i går, heilt tilfeldig det også, var eg ute på nettsøk og kom på eit eller anna vis inn på denne sida. Oi-oi-oi!!! Firmaet Rikall Norge som heldt til utanfor Bergen (i Salhusvegen), forhandlar Smeg-kjøleskåp. Og ikkje nok med det:
DEI HAR SUPERDUPER-TILBOD PÅ SMEG-KJØLESKÅP HEILT FRAM TIL 31.12 2009!!!





Eg har no funne ut at Smeg-kjøleskåpa er italienske, ikkje amerikanske, og at dei er tilgjengelege i all slags nydelege fargar. Samt i britisk utgåve!

mandag 2. november 2009

Englemaskeri


Dersom du skulle få lyst til å gå vinteren i møte med englemasker over okslene, kan du jo gå inn på nettsida eg brukte. På Felisis blogg finn du ein godt forklart og tydeleg illustrert framgangsmåte på englemaske-hekling!