onsdag 24. juni 2009

Ein stussleg sommar?

Hiv gjerne badebuksa i sommar, men pass opp for stusslege stikk!

Skulle Myggen, Kleggen eller ein av dei andre i Stikkegjengen få inn ein fulltreffar medan apoteket er stengt så du ikkje får tak i klødempar på tube, fortvil ikkje. Kjerringråd kan i slike krisetilfeller vera gode å ha. Og somme av dei virkar! Nokre dråpar lavendelolje på stikket lindrar kløen, det same gjer litt eddik som ein stryk på med ein bomullsdott. Og sjølv om det ikkje er lindrande i særleg lang tid, - det hjelper sabla godt å berre KLØØØØ! (Ahh! Deilig!)

Want to throw off your bikini this summer? Please do, but watch out for any buzzy bugs! If they get to you, some vinegar on a cotton pad, or a few drops of essential lavender oil rubbed on the sting might reduce the itchy feeling. Or you can take the easy way and just scraaatch!

mandag 8. juni 2009

Hoppande glad!!!

Sommaren er i emning og eg er hoppande glad! Glad for å nett ha fullført ein 10-vekers lang eksamensperiode og glad for å endeleg ha kome heim til høge fjell, djupe fjordar og ikkje minst, heim til min kjære!


Audrey Hepburn er også hoppande glad...

... medan badenymfa "Betty" meiner "hver dag er en fest og jeg er et jævla smykke"!
Berre eg får utstyret på plass, vonar eg å setje i gong med ein liten produksjon av glade, nostalgiske porselensprodukt.

I'm so HAPPY! Happy to have finished my exams, happy to be back amongst high mountains and deep fjords - and happy to be back home with my lovely man! Audrey Hepburn (pink bowl)is also happy, while Dear Betty (white bowl) thinks "every day is a party and I'm a fuckin' diamond" (my translation of the text in the bowl)... Hopefully I will make more of these happy and nostalgical porcelaine products in the future.