søndag 17. mai 2009

Hipp hipp HURRA!

17.mai er dagen då nasjonalkjensla blømer: Bjørka står i vårfrisk drakt og bunaden får endeleg kome fram or vinterdvalen.

Som regel er eg med på familiefeiring og folkefest i heimbygda mi på vestlandet. I fjor, som student i England, vart dagen feira ilag med 2-3000 framande i London, medan eg i år, som student på Notodden, valde å dra til skogs (nynnande på Alexander Rybak sin "Fairytale") og berre nyte livet...
...men som garva vestlendig - ingen festdag utan SPIKJEKJØT! Nam!

The Norwegian Constitution Day is usually celebrated in my home village, but this year I'm in the other end of the country celebrating all by my self in the forest. Still, it's a lovely day! And there's no celebration without dried and salted meat! Yummy!

lørdag 9. mai 2009

Tid for te

Etter intense dagar på verkstaden, har eg fått ferdigstillt ein del koppar. No er det berre å koke opp vatn og så er det TEA TIME...







Time for tea! After some buzy days in the workshop, some of my product ar finally finished. What a need now is some hot water, tea, sugar and milk - and a big sofa!

lørdag 2. mai 2009

Her proudest achivement was staying blonde

Dette er ein av mange fantastiske illustrasjonar på produkt frå Anne Taintor. Her fins diverse ting ein absolutt ikkje treng, men som er vidunderleg kjekke å ha. Særleg likar eg dei små pakkene med neglefiler (emery boards). Trengs ikkje, men sooo kjekt å ha... Ja, nettopp!

I love the Anne Taintor products! There is a wide range of things you most certainly do not need - like the fridge magnets and emery boards. But they're so cute and they might come in very handy once in a while, don't you think...?