torsdag 30. april 2009

Badenymfa Betty og Artweaver

Badenymfa Betty kjem til å pryde ein del av porselenstinga eg skal lage framover. Bileter av dette kjem etterkvart.

Biletet er frå eit gamalt postkort eg har redigert i Artweaver , eit Photoshop-aktig redigeringsprogram som heilt GRATIS. Eg las om det på denne nettsida og er veldig nøgd etter å ha brukt det. Anbefalast!

Dear Betty will be decorating some of my product. The picture of her is altered using Artweaver - a great FREE Photoshop-fake program!

tirsdag 28. april 2009

The Porcelain Project

Den siste tida har eg vore oppteken av "det kvite gull" og det er kjekt å oppdage at timar med dreietrening etterkvart har utvikla seg til ferdigheiter - og at ferdigheitene har byrja gje resultat.

Vegen frå klump til kopp, er gjerne lenger enn ein trur!


Slik ser ei av rive-skålene ut. Tanken er å fusjonere porselenets eigenskapar med papirets uttrykk.
My products so far... The process from clay to finished product is long. My thought in this bowl is to make a fusion between porcelain and paper.

tirsdag 14. april 2009

Saft suse


Dette er meir ein test for å freiste få inn eit bilete i innlegget, men til opplysing er Naturlig Lett-saftene frå Nora svært gode! Og no fekk eg jammen til å lage ei kopling til anna nettside òg. Framgang, framgang!
This is just a test to find out how to attach a link...

Då var det gjort

No susar eg avgarde i verdsveven med eigen blogg. Det kan ta noko tid før eg er ordentleg i gong, slik er det jo når ein nett har flytta inn i ny heim. Meir sus i serken sidan!

It's done. I'm a blogger!